Rem-uttrykket

Gjer ei programlinje om til ein merknad.

Syntaks:

REM tekst

Parameterar:

Tekst: Ein merknadstekst.

Tipsikon

Du kan også bruka eit enkelt hermeteikn (') i staden for nøkkelordet REM for å visa at ein tekst på ei linje er ein merknad. Teiknet kan setjast til høgre for programkoden, med ein merknad etter.


Merknadsikon

Du kan bruka eit mellomrom etterfølgd av ein understrek ( _) som det siste teiknet på linja for å halda fram den logiske linja på neste linje. For å bryta merknadslinjer må du skriva inn «Option Compatible» i den same BASIC-modulen.


Eksempel:


Sub ExampleMid
Dim sVar As String
    sVar = "Las Vegas"
    Print Mid(sVar,3,5) ' Returns "s Veg"
    ' Ingenting skjer her
End Sub

Støtt oss!