End-uttrykket

Avsluttar ein prosedyre eller ei blokk.

Syntaks:


End, End Enum, End Function, End If, End Property, End Select, End Sub, End With

Parametrar:

Bruk End-uttrykket slik:

Uttrykk

End: Er ikkje nødvendig, men kan skrivast inn kvar som helst i ein prosedyre for å avslutta utføringa av programmet.

End Enum: Avsluttar eit Enum VBA-uttrykk

End Function: Avsluttar eit funksjonsuttrykk.

End If: Markerer slutten av ei If…Then…Else-blokk.

End Property: Markerer slutten av eit Property-uttrykk.

End Select: Markerer slutten av ei Select Case-blokk.

End Sub: Sluttar eit Sub-uttrykk.

End With: Avsluttar eit With-uttrykk

Eksempel:


Sub ExampleRandomSelect
Dim iVar As Integer
    iVar = Int((15 * Rnd) -2)
    Select Case iVar
        Case 1 To 5
            Print "Tal frå 1 til 5"
        Case 6, 7, 8
            Print "Tal frå 6 til 8"
        Case Is > 8 And iVar < 11
            Print "Større enn 8"
        Case Else
            Print "Utføre området 1 til 10"
    End Select
End Sub

Støtt oss!