Declare-uttrykket

Deklarerer og definerer ein subrutine i ei DLL-fil som du vil køyre frå LibreOffice Basic.

Sjå også FreeLibrary

Syntaks:


Declare {Sub | Function} Namn Lib "Libnamn" [Alias "Aliasnamn"] [Parameter] [As Type]

Parameterar:

Namn: Vert brukt for å kalla opp subrutinen frå LibreOffice Basic. Namnet må vera ulikt det som er brukt i DLL.

Aliasnamn: Namnet på subrutinen slik det er definert i DLL.

Libname: Fil- eller systemnamnet på DLL. Biblioteket vert lasta inn automatisk første gongen funksjonen vert brukt.

Argumentliste: Liste over parameterar som vert overførte til prosedyren ved oppkallet. Type og tal på parameterar er avhengig av den utførte prosedyren.

Type: Definerar datatypen for verdien som vert gitt tilbake av ein funksjonsprosedyre. Du kan sløyfa denne parameteren dersom det er brukt typedeklareringsteikn etter namnet.

Åtvaringsikon

For å overføra ein parameter til ein subrutine som ein verdi i staden for ein referanse, må dette indikerast med nølkkelordet ByVal.


Eksempel:


Declare Sub MyMessageBeep Lib "user32.dll" Alias "MessageBeep" ( Long )
Sub ExampleDeclare
Dim lValue As Long
    lValue = 5000
    MyMessageBeep( lValue )
    FreeLibrary("user32.dll" )
End Sub

Støtt oss!