LibreOffice 25.2 Hjelp
Returnerer ein vald verdi frå ei liste med argument.
Choose (Index As Integer, Expression1[, Expression2, ... [, Expression_n]]) As Variant
Variant. Ein variant avleidd frå parameteren Index.
Index: Eitkvart numerisk uttrykk avrunda til eit heiltal. Index godtar heiltalsverdiar som byrjar på 1 som spesifiserer kva for eitt av dei moglege vala som skal returnerast.
Expression1, Expression2, …, Expression_n: Uttrykk som representerer kvart av dei moglege vala.
Choose-funksjonen returnerer ein verdi frå ei liste med uttrykk basert på indeksverdien. Viss Index = 1, vil funksjonen returnera det første uttrykket i lista, viss Index = 2 det neste uttrykke og så vidare.
Viss indeksverdien er mindre enn 1 eller større enn talet på uttrykk i lista, vil funksjonen returnere Null.
Feil #5 oppstår når det manglar parametrar. Feil #13 viss Index er lik Null.
I eksempelet vert Choose-funksjonen brukt for å velja ein streng av fleire strengar som er ein meny:
Sub ExampleChoose
Print ChooseMenu(2) ' "Lagra format"
MsgBox Choose(index := -5, 9, "Basic", PI) ' Null
MsgBox Choose(index := 3.14, 9, "Basic", PI) ' PI
End Sub
Function ChooseMenu(Index As Integer)
ChooseMenu = Choose(Indeks, "Snarformat", "Lagreformat", "Systemformat")
End Function