Call-uttrykket

Overfører kontrollen med programmet til ein subrutine, ein funksjon eller ein prosedyre i eit Dynamisk lenkjebibliotek (DLL). Kva nøkkelord, type og talet på parametrar som er brukte, er avhengig av kva rutine som vert kalla opp.

Syntaks:

Diagram over uttrykket Call


[Call] namn [(] [param :=] verdi, … [)]

Parametrar:

namn: Namnet på subrutinen, funksjonen eller DLL som du vil kalla opp

param: Nøkkelordet «parameternamn» som skal overførast til rutinen, etterfølgd av verdi. Namnet må samsvara med rutinedeklarasjonen. Nøkkelorda er valfrie og kan brukast i vilkårleg rekkjefølgje.

verdi: Verdi for posisjonsparameter. Typen er avhengig av den rutinen som vert kalla opp

note

Brukar du fleire posisjons- og nøkkelordparametrar, pass på at posisjons-parametrane er i same rekkjefølgje som dei er deklarerte.


tip

Når ein funksjon vert brukt som eit uttrykk, må parameterane setjast i lukka parentesar. Uttrykket Declare statement er obligatorisk før oppkalling av ein DLL.


Eksempel:


Sub ExampleCall
    Dim value As String
    value = "LibreOffice"
    Call aRoutine value
    aRoutine text := value
End Sub

Sub aRoutine (text as String)
    Msgbox text
End Sub

Støtt oss!