Andre uttrykk

Uttrykk som ikkje høyrer til i dei andre køyretidskategoriane er omtalte her.

Call-uttrykket

Overfører kontrollen med programmet til ein subrutine, ein funksjon eller ein prosedyre i eit Dynamisk lenkjebibliotek (DLL). Kva nøkkelord, type og talet på parametrar som er brukte, er avhengig av kva rutine som vert kalla opp.

Choose-funksjonen

Returnerer ein vald verdi frå ei liste med argument.

Declare-uttrykket

Deklarerer og definerer ein subrutine i ei DLL-fil som du vil køyra frå LibreOffice Basic.

End-uttrykket

Avsluttar ein prosedyre eller ei blokk.

Exit-uttrykket

Går ut av Do...Loop, For...Next, ein funksjon, ein eigenskap eller ein subroutine.

FreeLibrary-funksjonen

Løyser DLL-ar som vart lasta inn med Declare-uttrykket. Ein løyst DLL vert lasta inn automatisk viss ein av Dll-funksjonane vert kalla opp. Sjå også Declare.

Function-uttrykket

Ein funksjon er ei kodeblokk som vert utført når han vert kalla opp. Som oftast vert ein funksjon kalla opp frå eit uttrykk.

Du kan vidaresende data, kjende som parameter eller argument, til ein funksjon. Dei kan sendast vidare som verdi eller referanse. Vert dei sende som referanse, kan endringar gjort i funksjonen sendast tilbake til koden som kalla opp funksjonen.

Ein funksjon returnerer som oftast data som eit resultat.

Rem-uttrykket

Gjer ei programlinje om til ein merknad.

Stop-uttrykket

Stoppar utføringa av eit BASIC-program.

Sub-uttrykket

Definerer ein subrutine (underrutine)

Switch-funksjonen

Evaluerer ei argumentliste som inneheld eit uttrykk og ein verdi. Funksjonen Switch returnerer ein verdi knytt til uttrykket som er sendt til denne funksjonen.

With-uttrykket

Set eit objekt som standardobjekt. Dersom det ikkje er definert eit anna objektnamn, vil alle eigenskapane og metodane referera til standardobjektet heilt til uttrykket End With er nådd.

Støtt oss!