LibreOffice 25.2 Hjelp
Når eit program kjem til eit While-uttrykk, vert vilkåret testa. Viss vilkåret ikkje er oppfylt (False), vil programmet gå til uttrykket som kjem etter While. Er vilkåret oppfylt (True), vert sløyfa utført til programmet når Wend. Deretter går programmet tilbake til While-uttrykket. Er vilkåret framleis oppfylt (True), vert sløyfa utført igjen.
I motsetnad tilDo … Loop-uttrykket kan du ikkje avbryta ei While … Wend-sløyfe med Exit. Gå aldri ut av ei While … Wend-sløyfe med GoTo sidan dette kan føra til ein køyretidsfeil.
Do...Loop er meir fleksibel enn While...Wend.
While Condition [statements] Wend
Sub ExampleWhileWend
Dim stext As String
Dim iRun As Integer
sTekst ="Dette er ein kort tekst"
iRun = 1
While iRun < Len(sText)
If Mid(sText,iRun,1 )<> " " Then Mid( sText ,iRun, 1) = Chr( 1 + Asc( Mid(sText,iRun,1 )) )
iRun = iRun + 1
Wend
MsgBox sText,0,"Koda tekst"
End Sub