Do...Loop-uttrykket

Gjentar uttrykka mellom «DO» og «Loop» så lenge vilkåret er SANN eller til vilkåret vert SANN.

Syntaks

Do [{While | Until} vilkår = SANN]

uttrykksblokk

[Exit Do]

uttrykksblokk

Loop

eller

DO

uttrykksblokk

[Exit Do]

uttrykksblokk

Loop [{While | Until} vilkår = True]

Parameter/Element

Vilkår: Ei samanlikning, tal- eller strenguttrykk, som evaluerer anten til True (SANN) eller False (USANN).

Uttrykksblokk: Uttrykket som skal utførast medan eller til vilkåret er SANN.

Uttrykket Do … Loop utfører ei løkke (loop) så lenge eller til eit bestemt vilkår er SANN. Vilkåret for å avslutta sløyfa må skrivast inn anten etter uttrykket Do eller Loop. Eksempelet viser gyldige kombinasjonar:

Syntaks

Do While vilkår = True

… uttrykksblokk

Loop

Uttrykksblokka mellom uttrykka Do While og Loop vert gjenteke så lenge vilkåret er SANN.

Do Until vilkår = True

… uttrykksblokk

Loop

Uttrykksblokka mellom uttrykka Do Until og Loop vert gjenteke så lenge vilkåret er USANN.

DO

… uttrykksblokk

Loop While vilkår = True

Uttrykksblokka mellom uttrykka Do og Loop vert gjenteke så lenge vilkåret er SANN.

DO

… uttrykksblokk

Loop Until vilkår = True

Uttrykksblokka mellom uttrykka Do og Loop vert gjenteke til vilkåret er SANN.

Bruk uttrykket Exit Do for å avslutta løkka utan vilkår. Du kan setja inn dette uttrykket kvar som helst i eit DoLoop-uttrykk. Du kan også definera eit «exit»-vilkår med If … Then set opp slik:

Do …

uttrykk

If vilkår = True Then Exit Do

uttrykk

Loop …

Eksempel


Sub ExampleDoLoop
Dim sFile As String
Dim sPath As String
    sPath = "c:\"
    sFile = Dir$( sPath ,22)
    If sFile <> "" Then
        Do
            MsgBox sFile
            sFile = Dir$
        Loop Until sFile = ""
    End If
End Sub

Støtt oss!