LibreOffice 25.2 Hjelp
Definerar ei eller fleire uttrykksblokker som berre vert køyrde viss det gjevne vilkåret vert oppfylt (er True).
If condition Then
statements
[{ElseIf} condition Then
statements]
[Else
statements]
{EndIf|End If}
I staden for End If kan du skriva EndIf.
If-uttrykket kan kortast ned til ei linje når enkle uttrykksblokker vert brukte.
If condition Then statement [Else statement]
Uttrykket If … Then utfører programblokker avhengig av dei gjevne vilkåra. Når LibreOffice Basic oppdagar eit If-uttrykk, vert vilkåra testa. Viss vilkåret er SANN (True) vert alle etterfølgjande uttrykka fram til neste Else eller ElseIf utførte. Viss vilkåret er USANN (False) og det neste uttrykket er ElseIf, vil LibreOffice Basic testa det neste vilkåret og utføre det neste uttrykket viss vilkåret er True. Dersom dette vilkåret er False, går programmet vidare til anten neste Else eller ElseIf. Uttrykk etter Else vert utførte berre viss ingen av dei tidlegare testane er True. Når alle uttrykka er kontrollerte, vil programmet utføra uttrykket som kjem etter EndIf.
Du kan fletta saman fleire If … Then uttrykk.
Else og ElseIf er valfrie.
Det er råd å gå ut av ei If … Then blokk med GoTo og GoSub, men det er ikkje råd å gå inn i ein If … Then struktur.
Eksempelet nedanfor viser korleis du kan skriva inn ein sluttdato for eit produkt og kontrollera om denne dagen er overskride.
Sub ExampleIfThenDate
Dim sInput As String
Dim dInput As Date
Ved feil gå til inputError
sInput = InputBox("Skriv inn utløpsdatoen (ÅÅÅÅ-MM-DD)")
dInput = DateValue(sInput)
If dInput < Date() Then
MsgBox "Sluttdatoen er overskride"
ElseIf dInput > Date() Then
MsgBox "Sluttdatoen er ikkje nådd"
Else
MsgBox "Sluttdatoen er i dag"
End If
inputError:
If dInput = 0 Then MsgBox "Ugyldige inndata"
End Sub