Hex-funksjonen

Returnerer ein streng med den heksadesimale verdien av talet.

Syntaks:


HEX (tal)

Returverdi:

Streng

Parametrar:

Tal: Eit tal-uttrykk som skal omformast til eit heksadesimalt tal.

Feilkodar

5 Ugyldig prosedyreoppkall

Eksempel:


Sub ExampleHex
' brukar Basic-formlar i LibreOffice Calc
Dim a2, b2, c2 As String
    a2 = "&H3E8"
    b2 = Hex2Lng(a2)
    MsgBox b2
    c2 = Lng2Hex(b2)
    MsgBox c2
End Sub
 
Function Hex2Lng(sHex As String) As Long
' Returnerer eit 32-bit heiltal med forteikn frå ein 8-sifra heksadesimal verdi.
    Hex2Lng = clng( sHex )
End Function
 
Function Lng2Hex(iLong As Long) As String
' Reknar ut den 8-sifra heksadesimale verdien ut frå eit 32-bit heiltal med forteikn.
    Lng2Hex = "&H" & Hex( iLong )
End Function

Støtt oss!