LibreOffice 24.8 Hjelp
Gjer klar generatoren for å laga tilfeldige tal i funksjonen Rnd.
Randomize [Tal]
Tal: Kva heiltal som helst. Vert brukt som utgangspunkt for oppsettet av slumpgeneratoren. Like frø gjev same sekvensen av tilfeldige tal i funksjonen Rnd. Viss parameteren vert sløyfa, vert uttrykket Randomize ignorert.
Uttrykket Randomize treng berre brukast dersom ein ønskjer ein bestemt sekvens av tilfeldige tal. Generatoren som lagar tilfeldige tal vert sett opp automatisk første gongen han er i bruk. Ein innebygd slumpgenerator lagar likt fordelte, ikkje-deterministiske tilfeldige tal. Dersom denne generatoren manglar i systemet, vert systemklokka brukt som startnummer.
Uttrykket Randomize påverkar berre BASIC-funksjonen Rnd. Andre generatorar for tilfeldige tal, for eksempel funksjonen RAND() i Calc, vert ikkje påverka.
Sub ExampleRandomize
Dim iCount As Integer, iVar As Integer, sText As String
Dim iSpectral(10) As Integer
Randomize 2^14-1
For iCount = 1 To 1000
iVar = INT(10 * RND) ' Gjev eit tal mellom 0 og 9
iSpectral(iVar) = iSpectral(iVar) +1
Next iCount
sText = " | "
For iCount = 0 To 9
sText = sText & iSpectral(iCount) & " | "
Next iCount
MsgBox sText,0,"Spektralfordeling"
End Sub