Sin-funksjonen

Returnerer sinus av ein vinkel. Vinklen er oppgjeven i radianar. Resultatet ligg mellom -1 og 1.

Ved Ä bruka vinkelen Alpha reknar SIN-funksjonen ut forholdet mellom lengda pÄ den motstÄande sida til vinkelen og lengda pÄ hypotenusen i ein rettvinkla trekant.

SIN(Alpha) = side motsett vinkelen/hypotenus

Syntaks:


Sin (tal)

Returverdi:

Double

Parameterar:

Tal: Numerisk uttrykk som definerer vinkelen som du vil rekne ut sinus for i radianar.

For Ă„ konvertera grader til radianar, multipliserer du gradene med pi/180. Du kan konvertera radianar til grader ved Ă„ multiplisera radianar med 180/pi.

grader=(radianar*180)/pi

radianar=(grader*pi)/180

Pi er tilnĂŠrma lik 3.141593.

Feilkodar

5 Ugyldig prosedyreoppkall

Eksempel:


' I dette eksempelet er desse innskrivingane moglege for ein rettvinkla trekant:
' Sida motsett vinkelen og vinkelen (i grader) for Ä rekna ut lengda pÄ hypotenusen:
Sub ExampleSine
' Pi er ein fĂžrehandsdefinert konstant avrunda til 3,1415926
Dim d1 As Double
Dim dAlpha As Double
    d1 = InputBox("Skriv inn lengda pÄ den motstÄande sida: ","MotstÄande side")
    dAlpha = InputBox$ ("Skriv inn vinkelen Alfa (i grader): ","Alfa")
    Print "Lengda pÄ hypotenusen er"; (d1 / sin (dAlpha * Pi / 180))
End Sub

StĂžtt oss!