Cos-funksjonen

Reknar ut cosinus for ein vinkel. Vinkelen er oppgjeve i radianar. Resultatet er mellom -1 og 1.

Ved å bruka vinkelen Alpha reknar COS-funksjonen ut forholdet mellom lengda på den hosliggjande sida til vinkelen dividert med lengda på hypotenusen i ein rettvinkla trekant.

COS(Alpha) = Hosliggjande/Hypotenus

Syntaks:


Cos (tal)

Returverdi:

Double

Parametrar:

Tal: Numerisk uttrykk som viser vinkelen (i radianar) som du vil rekna ut cosinus for.

For å gjere grader om til radianar, multipliser gradene med pi/180. For å gjere om radianar til grader, multipliser radianane med 180/pi.

grader=(radianar*180)/pi

radian=(grad*pi)/180

Pi er her sirkelkonstanten avrunda til 3,14159…

Feilkodar

5 Ugyldig prosedyreoppkall

Eksempel:


' Det neste eksempelet viser korleis du kan setja inn sekant og vinkel (i grader)
'og slik rekna ut lengda på hypotenusen i ein rettvinkla trekant:
Sub ExampleCosinus
' Avrunda Pi = 3,14159
Dim d1 As Double, dAngle As Double
    d1 = InputBox$ ("Skriv inn lengda på den hosliggjande sida: ","Hosliggjande")
    dAngle = InputBox$ ("Skriv inn vinkelen Alfa (i grader): ","Alfa")
    Print "Lengda på hypotenusen er"; (d1 / cos (dAngle * Pi / 180))
End Sub

Støtt oss!