LibreOffice 24.8 Hjelp
Trigonometrisk funksjon som returnerer arctangens av eit numerisk uttrykk. Resultatet er i området -Pi/2 to +Pi/2.
Arctangens er inversen av tangens-funksjonen. Funksjonen Atn returnerer vinkelen «Alpha» uttrykt i radianar ved å bruka tangens til denne vinkelen. Funksjonen kan også returnera vinkelen «Alpha» ved å samanlikna forholdet mellom dei motsette sidene til vinkelen med lengda av den hosliggjande til vinkelen i ein rettvinkla trekant.
Atn (motsett side til vinkelen / hosliggjande side til vinkelen) = Alpha
Atn (Tal som Double) som Double
Double
Tal: Eit numerisk uttrykk som representerer forholdet mellom to sider i ein rettvinkla trekant. Funksjonen Atn returnerer den tilhøyrande vinkelen i radianar (arctangens).
For å omforma radianar til grader, multipliser radianar med 180/pi.
grader=(radianar*180)/pi
radian=(grad*pi)/180
Pi er her den faste sirkelkonstanten avrunda til 3,14159. Pi er ein grunnleggjande matematisk konstant.
' Det neste eksempelet reknar ut for ein rettvinkla trekant
' Vinkelen Alpha frå tangenten til vinkelen Alpha:
Sub ExampleAtn
' Pi er ein førehandsdefinert konstant avrunda til 3,14159
Dim d1 As Double
Dim d2 As Double
d1 = InputBox("Skriv inn lengda på den hosliggjande sida til vinkelen: ","Tilstøytande")
d2 = InputBox("Skriv inn lengda på den motståande sida til vinkelen: ","Motståande")
Print "Alpha-vinkelen er"; (atn (d2/d1) * 180 / Pi); " grader"
End Sub