Mod-operatoren

Operatoren REST handsamar to taluttrykk og returnerer divisjonsresten.

For eksempel er resultatet av 21 REST 6 3 fordi ved å dela 21 med 6 vert resten 3.

Viss operasjonen REST involverer tal som ikkje er heiltal, vert begge operandane avrunda til næraste heile tal. Difor vil verdien som vert returnert frå REST alltid vera eit heilt tal.

For eksempel vert resultatet av 16,4 REST 5,9 slik:

  1. Verdien 16,4 vert avrunda til 16.

  2. Verdien 5,9 vert avrunda til 6.

  3. 16 REST 6 returnerer 4, som er resten etter å ha delt 16 på 6.

note

Merk at BASIC-olperatoren MOD og REST-funksjonen i Calc oppfører seg ulikt. I Calc kan begge operandane vera desimaltal som ikkje vert avrunda før divisjonen, difor kan resten også verta eit desimaltal.


Syntaks:


Resultat = uttrykk1 MOD uttrykk2

Returverdi:

Heiltal

Parametrar:

Resultat: Kva taluttrykk som helst som inneheld resultatet av REST-operasjonen.

Expression1, Expression2: Kva taluttrykk som helst som du vil finne resten for ved å dividera Expression1 med Expression2.

Eksempel:


Sub ExampleMod
    Dim a As Double, b as Double
    a = 10 : b = 4
    Print a Mod b ' returnerer 2
    a = 18 : b = 3.2
    Print a Mod b ' returnerer 0
    a = 16.4 : b = 5.9
    Print a Mod b ' returnerer 4
End Sub

Støtt oss!