On Error GoTo ... Resume-uttrykket

Opprettar ein felhandsamingsrutine etter at det oppstod ein feil, eller tek opp igjen programkøyringa.

Syntaks:

Diagram over uttrykket On Error


On [Local] Error {GoTo Labelname | GoTo 0 | Resume Next}

Parametrar:

GoTo Labelname: Viss det oppstår ein feil, køyr feilhandsamingsrutinen som byrjar i linja "Labelname".

Resume Next: Viss det oppstår ein feil, hald fram programmet med uttrykket som kjem etter uttrykket der feilen oppstod.

GoTo 0: Koplar ut feilhandsamaren i den gjeldande prosedyren.

Local: "On error" er global i omfang og vil vera aktiv fram til det vert avløyst av eit anna "On error"-uttrykk. "On error" er lokal i den rutinen det vert brukt i. Lokal feilhandsaming overstyrer alle tidlegare sette globale innstillingar. Når den påkalla rutinen finst, vert den lokale feilhandsaminga automatisk avbrote og dei tidlegare sette globale innstillingane vert tilbakeførte.

On Error GoTo-uttrykket vert brukt for å fanga opp feil som måtte oppstå i ein makro.

Eksempel:


Sub ExampleReset
On Error GoTo ErrorHandler
    Dim iNumber As Integer
    Dim iCount As Integer
    Dim sLine As String
    Dim aFile As String
    aFile = "C:\Users\ThisUser\data.txt"
    iNumber = Freefile
    Open aFile For Output As #iNumber
    Print #iNumber, "Dette er ei tekstlinje"
    Close #iNumber
    iNumber = Freefile
    Open aFile For Input As iNumber
    For iCount = 1 To 5
        Line Input #iNumber, sLine
        If sLine <>"" Then
            Rem
        End If
    Next iCount
    Close #iNumber
    Exit Sub
ErrorHandler:
    Reset
    MsgBox "Alle filer vert lukka",  0,  "Feil"
End Sub

Støtt oss!