Funksjonar for feilhandsaming

Bruk desse uttrykka og funksjonane for å bestemma korleis LibreOffice Basic skal reagera på køyretidsfeil.

LibreOffice Basic har fleire måtar for å hindra at programmet vert avbrote når det møter ein køyretidsfeil.

CVErr-funksjonen

Omformar eit streng- eller taluttrykk til eit variant-uttrykk av typen «Error».

Erl-funksjonen

Returnerer linjenummeret der feilen dukka opp under køyringa av programmet.

Err-funksjonen

Returnerer ein feilkode som indikerer feilen som oppstod under køyringa av programmet.

Err Object [VBA]

Bruk VBA-objektet Err for å heva eller handsama køyretidsfeil.

IsError-funksjonen

Kontrollerer om ein variabel inneheld ein feilverdi.

Error-funksjonen

Returnerer feilmeldinga som høyrer til ein verdi eller ein gjeven feilsamanheng.

On Error GoTo ... Resume-uttrykket

Opprettar ein felhandsamingsrutine etter at det oppstod ein feil, eller tek opp igjen programkøyringa.

Resume-uttrykket

Tilbakestiller feilinformasjonen og indikerer kva som skal utførast som det neste.

Tenesta ScriptForge.Exception

Tenesta Exception (unnatak) er ei samling av metodar som hjelper til med med feilsøking (debugging) av kode i Basic- og Python-skript og feilhandsaming i Basic-skript.

Når det oppstår ein køyretidsfeil i Basic-skript, hjelper metodane og eigenskapane til Exception-tenesta til å identifisere feilsamanhengen og tillata å handsama han.

Støtt oss!