LibreOffice 25.2 Hjelp
Reknar ut ein seriell tidsverdi ut frå time, minutt og sekund som er oppgjevne. Desse representerer tida i ein enkelt numerisk verdi. Parameterane vert overførte som strengar. Den returnerte verdien kan brukast til å rekna ut tidsskilnadar.
TimeValue (Tekst As String)
Dato
Tekst: Eit strenguttrykk som inneheld tidspunktet du vil rekna ut i formatet "HH:MM:SS".
Bruk TimeValue-funksjonen for å omforma eit tidspunkt til ein enkel verdi slik at du kan rekna ut tidsskilnaden.
Denne TimeValue-funksjonen returnerer varianttypen med VarType 7 (Dato), og lagrar denne verdien internt som eit dobbelt presisjonstal mellom 0 og 0,9999999999.
I motsetning til funksjonane DateSerial og DateValue, der serielle datoverdiar gjev resultatet i dagar i høve til ein fast dato, kan du rekna med verdiane som vert returnerte frå TimeValue-funksjonen, men du kan ikkje evaluera dei.
I TimeSerial-funksjonen kan du overføra individuelle parametrar (time, minutt, sekund) som separate numeriske uttrykk. For TimeValue-funksjonen derimot kan du overføra ein streng som ein parameter som inneheld tida.
Sub ExampleTimerValue
Dim daDT As Date
Dim a1, b1, c1, a2, b2, c2 As String
a1 = "starttid"
b1 = "sluttid"
c1 = "total tid"
a2 = "8:34"
b2 = "18:12"
daDT = TimeValue(b2) - TimeValue(a2)
c2 = a1 & ": " & a2 & chr(13)
c2 = c2 & b1 & ": " & b2 & chr(13)
c2 = c2 & c1 & ": " & trim(Str(Hour(daDT))) & ":" & trim(Str(Minute(daDT))) & ":" & trim(Str(Second(daDT)))
MsgBox c2
End Sub