TimeSerial-funksjonen

Reknar ut ein seriell tidsverdi for dei gjevne time-, minutt- og sekundparameterane som vert overførte som numeriske verdiar. Du kan så bruka denne verdien til å rekna ut differansen mellom to tidspunkt.

Syntaks:


TimeSerial (Time, Minutt, Sekund)

Returverdi:

Dato

Parametrar:

hTime: Eit heiltalsuttrykk som er brukt for å bestemma timen i klokkeslettet som er brukt for å bestemma den serielle tidsverdien. Gyldige verdiar er 0 - 23.

Minutt: Eit heiltalsuttrykk som gjev minuttet på den tida som vart brukt for å bestemma den serielle tidsverdien. Bruk helst verdiar mellom 0 og 59. Brukar du verdiar som ligg utanfor dette området, vil dette påverka timeverdien.

sekund: Eit heiltalsuttrykk som gjev sekundet på den tida som vart brukt for å bestemma den serielle tidsverdien. Bruk helst verdiar mellom 0 og 59. Brukar du verdiar som ligg utanfor dette området, vil dette påverka minuttverdien.

Eksempel:

12, -5, 45 svarar til 11, 55, 45

12, 61, 45 svarar til 13, 2, 45

12, 20, -2 svarar til to 12, 19, 58

12, 20, 63 svarar til 12, 21, 4

Du kan bruka funksjonen TimeSerial for å omforma kva tid som helst til ein verdi av typen Single. Denne verdien kan brukast for å rekna ut tidsskilnadar.

Funksjonen TimeSerial gjev tilbake datatypevarianten med VarType 7 (dato). Denne verdien vert lagra intern som eit dobbeltpresisjonstal mellom 0 og 0,9999999999. I motsetnad til funksjonane DateSerial og DateValue, der den serielle datoverdien vert rekna ut som ein dato relativt til ein fast dato, kan du rekna med verdiane som vert gjevne tilbake med funksjonen TimeSerial, men du kan ikkje evaluera dei.

I TimeValue-funksjonen kan du overføra ein streng som ein parameter som inneheld tida. For TimeSerial-funksjonen derimot kan du overføra dei individuelle parameterane (time, minutt, sekund) som separate, numeriske uttrykk.

Feilkodar

5 Ugyldig prosedyreoppkall

Eksempel:


Sub ExampleTimeSerial
Dim dDate As Double, sDate As String
    dDate = TimeSerial(8,30,15)
    sDate = TimeSerial(8,30,15)
    MsgBox dDate,64,"Tid som eit tal"
    MsgBox sDate,64,"Formatert tid"
End Sub

Støtt oss!