Second-funksjonen

Returnerer eit heiltal som viser sekunda i det serielle klokkeslett-talet generert av anten funkjsonen TimeSerial eller funksjonen TimeValue.

Syntaks:


Second (Tal)

Returverdi:

Heiltal

Parametrar:

Tal: Eit numerisk uttrykk som inneheld det serielle tidstalet som vert brukt for å bestemma talet på sekund.

Denne funksjonen det motsette av TimeSerial-funksjonen. Funksjonen returnerer sekunda frå ein seriell tidsverdi som er generert med anten TimeSerial- eller TimeValue-funksjonen. Som eksempel, uttrykket:

Print Second(TimeSerial(12,30,41))

returnerer verdien 41.

Feilkodar

5 Ugyldig prosedyreoppkall

Eksempel:


Sub ExampleSecond
    MsgBox "Det nøyaktige sekundet for noverande tid er "& Second( Now )
End Sub

Støtt oss!