Minute-funksjonen

Returnerer minuttet av timen som svarar til den serielle tidsverdien som er generert av TimeSerial- eller TimeValue funksjonen.

Syntaks:


Minute (tal)

Returverdi:

Heiltal

Parametrar:

Tal: Numerisk uttrykk som inneheld den serielle tidsverdien som vert brukt for å returnera minuttverdien.

Denne funksjonen er den motsette av funksjonen TimeSerial. Funksjonen returnerer minuttet av den serielle tidsverdien som vert generert av funksjonen TimeSerial eller TimeValue. For eksempel vil uttrykket

Print Minute(TimeSerial(12,30,41))

returnerer verdien 30.

Feilkodar

5 Ugyldig prosedyreoppkall

Eksempel:


          Sub ExampleMinute
          MsgBox "Gjeldande minutt er "& Minute(Now)& "."
          End Sub
      

Støtt oss!