DateAdd-funksjonen

Legg eit dato- eller tidsintervall til ein gjeven dato eit tal gongar og returnerer den nye datoen.

Syntaks:


DateAdd (interval As String, number As Long, date As Date) As Date

Returverdi:

Ein variant som inneheld ein dato.

Parametrar:

interval ‒ Eit strenguttrykk frå tabellen nedanfor som spesifiserer dato- eller tidsintervallet.

interval (strengverdi)

Forklaring

yyyy

År

q

Kvarter

m

Månad

y

Dagen i året

w

Vekedag

ww

Veke i året

d

Dag

h

Time

n

Minutt

s

Sekund


tal ‒ Eit numerisk uttrykk som bestemmer kor ofte verdien av interval skal leggjast til (når positiv) eller trekkjast frå (når negativ).

date ‒ Ein gjeven dato eller namnet på ein variabel som inneheld ein dato. Verdien av interval vert lagt til number gonger til denne datoen.

Datolitteralar gjer det mogleg å spesifisera eintydige datovariablar som er uavhengige av det gjeldande språket. Literalar er omgjevne av nummerteikn (hash-teikn) #.

Eksempel:


Sub example_dateadd
    MsgBox DateAdd("m", 1, #1/31/2004#) &" - "& DateAdd(date:=#2005-01-31#, interval:="m", number:=1)
End Sub

Støtt oss!