WeekDay-funksjonen

Denne funksjonen returnerer talet som svarar til vekedagen frå eit serielt datotal som er laga av ein av funksjonane DateSerial ellerDateValue.

note

Denne hjelpsida forklarer WeekDay-funksjonen brukt i Basic-skript. Viss du er ute etter funksjonen «Vekedag» (WeekDay på engelsk) brukt i LibreOffice Calc, sjå denne hjelpsida.


Syntaks:


  WeekDay (SerialDate, [FirstDayOfWeek])

Parametrar:

SerialDate: Heiltalsuttrykk som inneheld det serielle datotalet som vert brukt for å rekna ut dagen i veka.

FirstDayOfWeek: Heiltalsverdi som viser kva vekedag som skal reknast som den første i veka. Standardverdien er 0, som betyr at dei lokale innstillingane vert brukte for å bestemma første vekedag.

Parameteren FirstDayOfWeek godtek verdiar frå 0 til 7. Tebellen nedanfor viser kva dei ulike verdiane betyr:

Verdi

VBA-konstant

Skildring

0

vbUseSystemDayOfWeek

Bruk lokale innstillingar frå systemet

1

vbSunday

Søndag (stadard)

2

vbMonday

Måndag

3

vbTuesday

Tysdag

4

vbWednesday

Onsdag

5

vbThursday

Torsdag

6

vbFriday

Fredag

7

vbSaturday

Laurdag


note

VBA-konstanten i lista ovanfor er tilgjengeleg berre når VBA-konstanen er gjort tilgjengeleg. Du kan finna meir informasjon om dette på hjelpsida VBASupport-uttrykk.


Returverdi:

Heiltal

Feilkodar

5 Ugyldig prosedyreoppkall

Eksempel:

I eksempelet nedanfor er funksjonen Now() brukt for å finna den gjeldande vekedagen.


Sub ExampleWeekDay
    Dim sDay As String
    ' Returnerer og viser dagen i veka
    Select Case WeekDay( Now )
            Case 1: sDay="Søndag"
            Case 2: sDay="Måndag"
            Case 3: sDay="Tysdag"
            Case 4: sDay="Onsdag"
            Case 5: sDay="Torsdag"
            Case 6: sDay="Fredag"
            Case 7: sDay="Laurdag"
    End Select
    MsgBox "" + sDay,64,"Dagen i dag er"
End Sub

Eksempelet nedanfor viser bruk av parameteren FirstDayOfWeek når tysdag er den første dagen i veka.


  Dim someDay As Long
  ' Datoen 1. januar 2021 var ein fredag
  someDay = DateSerial(2021, 01, 01)
  ' Går ut frå at søndag er den første dagen i veka og skriv «6»
  MsgBox WeekDay(someDay)
  ' Går ut frå at tysdag er den første dagen i veka og skriv «4»
  MsgBox WeekDay(someDay, 3)

Støtt oss!