DateValue-funksjonen

Returnerer eit Dato-objekt frå ein streng som representerer ein dato.

Det returnerte objektet vert representert internt som ein enkel talverdi som svarar til den gjevne datoen. Denne verdien kan brukast for å rekna ut kor mange dagar det er mellom to datoar.

Syntaks:


  DateValue(dato som streng)

Parametrar:

dato: Ein streng som inneheld datoen som vert konvertert til eit Dato-objekt.

note

Strengen som vert sendt til DateValue må vera i eit av datoformata som er definert av lokalinnstillinga di (sjå → Språk og nasjonale innstillingar → Generelt) eller bruk ISO-datoformatet «åååå-mm-dd» (år, månad og dag skild med bindestrekar).


Returverdi:

Date.

Feilkodar

5 Ugyldig prosedyreoppkall

Eksempel:


  Sub ExampleDateValue
      Dim aDate As Date
      aDate = DateValue("2021-12-20")
      ' Skriv ut den lokaliserte datoen
      MsgBox aDate
      ' Trekk ut året, månaden og dagen frå datoobjektet
      MsgBox Year(aDate)
      MsgBox Month(aDate)
      MsgBox Day(aDate)
      ' Skriv ut den numeriske verdien som svarar til datoen (som «Long»)
      MsgBox CLng(aDate)
  End Sub

Støtt oss!