DateSerial-funksjonen

Returnerer ein Dato-verdi for oppgjeve år, månad og dag.

Syntaks:


DateSerial (år, månad, dag)

Returverdi:

Dato

Parametrar:

År: Heiltalsuttrykk som indikerer eit år. Alle verdiar mellom 0 og 99 vert sett til å vera åra 1900 - 1999. For år som fell utanom dette området, må du skriva inn alle fire siffera.

Månad: Heiltalsuttrykk som indikerer månaden i eit spesifisert år. Gyldig område er 1 - 12.

Dag: Heiltalsuttrykk som indikerer dagen i ein spesifisert månad. Gyldig området er 1 - 31. Det vert ikkje returnert feilmelding om du skriv inn ein dag som ikkje finst for månadar som er kortare enn 31 dagar.

DateSerial-funksjonen returnerer talet på dagar mellom den gjevne datoen og 30. desember 1899. Du kan bruka denne funksjonen for å rekna ut skilnaden mellom to datoar.

DateSerial-funksjonen returnerer datatypen Variant med VarType 7 (Dato). Internt er denne verdien lagra som ein dobbel verdi slik at om datoen er 1900-01-01 vert det returnert 2. Negative verdiar svarar til datoar før 30. desember 1899 (denne datoen ikkje medrekna).

Viss det vert definert ein dato utføre det aksepterte området, vil LibreOffice Basic gje ei feilmelding.

Viss du definerer DateValue-funksjonen som ein streng som inneheld datoen, vil DateValue-funksjonen vurdera kvart av parameterane (år, månad, dag) som separate taluttrykk.

Feilkodar

5 Ugyldig prosedyreoppkall

Eksempel:


  Sub ExampleDateSerial
  Dim lDate As Long
  Dim sDate As String
      lDate = DateSerial(1964, 4, 9)
      sDate = DateSerial(1964, 4, 9)
      MsgBox lDate ' returnerer 23476
      MsgBox sDate ' returnerer 1964-04-09 i ISO 8601-format
  End Sub

Støtt oss!