Konvertera datoverdiar

Desse funksjonane omformar datoverdiar til og frå tal som kan reknast med.

DateSerial-funksjonen

Returnerer ein Dato-verdi for oppgjeve år, månad og dag.

DateValue-funksjonen

Returnerer eit Dato-objekt frå ein streng som representerer ein dato.

Det returnerte objektet vert representert internt som ein enkel talverdi som svarar til den gjevne datoen. Denne verdien kan brukast for å rekna ut kor mange dagar det er mellom to datoar.

Day-funksjonen

Returnerer ein verdi som representerer dagen i månaden basert på eit serielt datotal laga av DateSerial eller DateValue.

Month-funksjonen

Returnerer månaden i eit år frå ein seriell dato som er generert av ein av funksjonane DateSerial eller DateValue.

WeekDay-funksjonen

Denne funksjonen returnerer talet som svarar til vekedagen frå eit serielt datotal som er laga av ein av funksjonane DateSerial ellerDateValue.

Year-funksjonen

Returnerer året frå eit serielt datotal som er laga av ein av funksjonane DateSerial eller DateValue.

CDateToIso-funksjonen

Returnerer datoen i ISO-format utan skiljeteikn (ÅÅÅÅMMDD) frå det serielle datotalet som er laga med anten DateSerial-,DateValue- eller CDateFromiso-funksjonen.

Årdelen inneheld minst fire siffer med leiande nullar dersom verdien er mindre enn 1000. Det kan vera negativt med eit leiande minusteikn dersom datoen gjeld eit årstal før Kristi fødsel. Det kan ha meir enn fire siffer dersom årstalet er større enn 9999. Den formaterte strengen som vert returnert kan ha ein verdi frå «-327680101» til «327671231».

Merknadsikon

År mindre enn 100 og større enn 9999 er støtta sidan LibreOffice 5.4


CDateFromIso-funksjonen

Returnerer det interne datotalet frå ein streng som inneheld datoen i ISO-format (ÅÅÅÅMMDD eller ÅÅÅÅ-MM-DD).

Årdelen må vera anten to (berre i ÅÅMMDD-format for å vera kompatibel med andre) eller minst fire siffer. Med fire siffer må det brukast leiande nullar dersom årstalet er mindre enn 1000. Det kan vere negativt med leiande minusteikn dersom året er før Kristi fødsel. Det kan ha meir enn fire siffer dersom året er større enn 9999. Den formaterte strengen må vera mellom «-327680101» og «327671231» eller «-32768-01-01» og «32767-12-31».

Ein ugyldig dato resulterer ein feil. År 0 finst ikkje. Den siste dagen før Kristus er -0001-12-31 og den neste dagen er 0001-01-01. Datoar før 1582-10-15 er i den proleptiske gregorianske kalenderen, dvs. i den gregorianske kalenderen sjølv om denne ikkje var innført då.

Tipsikon

Når eit serielt tal for ein dato vert konvertert til ein streng som kan skrivast ut, for eksempel i MsgBox eller til skrivar, vert den lokale kalenderen brukt. Dette kan føre til at grensedatoen 1582-10-15 vert vist i den julianske kalenderen og såleis viser ein annan dato enn den du venta. Bruk CDateToIso Function for å omforma ein slik dato til den proleptiske gregorianske kalenderen.


Merknadsikon

Støtte for formatet ÅÅÅÅ-MM-DD med skiljeteikn vart innført i LibreOffice 5.3.4. Støtte for år mindre enn 100 og større enn 9999 vart teke i bruk i LibreOffice 5.4 utanom for VBA-kompabilitetsmodus.


CDateToUnoDate-funksjonen

Returnerer datoen som ein UNO com.sun.star.util.Date-struktur.

CDateFromUnoDate-funksjonen

Konverterer UNO com.sun.star.util.Date struktur til ein Date-verdi.

CDateToUnoDateTime-funksjonen

Returnerer klokkeslettdelen av datoen som ein UNO com.sun.star.util.DateTime struktur.

CDateFromUnoDateTime-funksjonen

Konverterer ein UNO com.sun.star.util.DateTime struktur til ein datoverdi.

DateAdd-funksjonen

Legg eit dato- eller tidsintervall til ein gjeven dato eit tal gongar og returnerer den nye datoen.

DateDiff-funksjonen

Returnerer talet på dato- eller tidsintervall mellom to datoverdiar.

DatePart-funksjonen

Funksjonen DatePart returnerer ein spesifisert del av ein dato.

Støtt oss!