SetAttr-uttrykket

Set attributtinformasjon for ei spesifisert fil.

Syntaks:


SetAttr FilNamn som streng, Attributt som heiltal

Parametrar:

FilNamn: Namnet på filstien og fila som attributta skal testast for. Viss du ikkje skriv inn stien, vil SetAttr søkja etter fila i den gjeldande katalogen. Du kan også bruka URL-notasjon.

Attributt: Bitmønster med attributt som skal setjast eller fjernast:

Verdi

Namngjeven konstant

Verdi

Definisjon

ATTR_NORMAL

0

Normale filer

ATTR_READONLY

1

Skriveverna (read-only) filer.

ATTR_HIDDEN

2

Gøymde filer


Du kan setja fleire attributt ved å kombinera dei respektive verdiane med eit logisk ELLER-uttrykk.

Feilkodar

5 Ugyldig prosedyreoppkall

53 Fann ikkje fila

70 Tilgang nekta

Eksempel:


Sub ExampleSetGetAttr
 On Error GoTo ErrorHandler ' Definerer målet for feilhandteraren
 If Dir("C:\test",16)="" Then MkDir "C:\test"
 If Dir("C:\test\autoexec.sav")="" Then FileCopy "c:\autoexec.bat", "c:\test\autoexec.sav"
 SetAttr "c:\test\autoexec.sav" ,0
 FileCopy "c:\autoexec.bat", "c:\test\autoexec.sav"
 SetAttr "c:\test\autoexec.sav" , ATTR_READONLY
 Print GetAttr( "c:\test\autoexec.sav" )
 End
ErrorHandler:
 Print Error
 End
End Sub

Støtt oss!