GetAttr-funksjonen

Returnerer eit bitmønster som identifiserer filtypen eller namnet på lagringsmediumet eller ei mappe.

Syntaks:


GetAttr (Tekst As String)

Returverdi:

Heiltal

Parametrar:

Tekst: Eit strenguttrykk som inneheld ein utvetydig filspesifikasjon. Du kan også bruka URL-notasjon.

Denne funksjonen bestemmer eigenskapane for ei spesifisert fil og returnerer bitmønsteret som kan hjelpe deg til å identifisera desse filattributta:

Feilkodar

5 Ugyldig prosedyreoppkall

53 Fann ikkje fila

Verdi

Namngjeven konstant

Verdi

Definisjon

ATTR_NORMAL

0

Normale filer.

ATTR_READONLY

1

Skriveverna (read-only) filer.

ATTR_HIDDEN

2

Gøymde filer

ATTR_SYSTEM

4

Systemfiler

ATTR_VOLUME

8

Returnerer namnet på lagringsmediumet.

ATTR_DIRECTORY

16

Returnerer berre namnet på katalogen.

ATTR_ARCHIVE

32

Fila er endra sidan sist reservekopiering («Archive bit»).


Viss du vil finna ut om ein bit i attributt-byten er sett, bruk denne spørjemåten:

Eksempel:


Sub ExampleSetGetAttr
On Error GoTo ErrorHandler ' Definerer målet for feilhandsamaren
 If Dir("C:\test",16)="" Then MkDir "C:\test"
 If Dir("C:\test\autoexec.sav")="" Then FileCopy "c:\autoexec.bat", "c:\test\autoexec.sav"
 SetAttr "c:\test\autoexec.sav" ,0
 FileCopy "c:\autoexec.bat", "c:\test\autoexec.sav"
 SetAttr "c:\test\autoexec.sav" ,1
 Print GetAttr( "c:\test\autoexec.sav" )
 End
ErrorHandler:
 Print Error
 End
End Sub

Støtt oss!