LibreOffice 25.2 Hjelp
Returnerer lengda på ei fil i byte.
FileLen (Text As String) As Long
Long
Bruk metoden GetFileLen() i tenesta ScriptForge.FileSystem når du reknar med at storleiken vert over 2 gigabyte.
Tekst: Eit strenguttrykk som inneheld ein utvetydig filspesifikasjon. Du kan også bruka URL-notasjon.
Denne funksjonen bestemmer lengda på ei fil. Viss funksjonen FileLen er kalla opp for ei ope fil, vert fillengda før fila vart opna returnert. Ønskjer du å bestemma lengda for ei ope fil, bruk funksjonen Lof.
Sub ExampleFileLen
MsgBox FileLen("C:\autoexec.bat")
End Sub