FileAttr-funksjonen

Returnerer tilgangsmodus eller filtilgangsnummeret for ei fil som er opna med Open-uttrykket. Filtilgangsnummeret er avhengig av operativsystemet (OSH = Operating System Handle, operativsystemhandsamaren).

Merknadsikon

Viss du brukar eit 32-bits operativsystem, kan du ikkje bruka FileAttr-funksjonen for å finna filtilgangsnummeret.


Sjå også Open

Syntaks:


  FileAttr (Kanal som heiltal, attributt som heltal)

Returverdi:

Heiltal

Parametrar:

Channel: Nummeret på fila som vart opna med Open-uttrykket.

Attributt: Eit heiltalsuttrykk som viser kva type filinformasjon som skal returnerast. Desse verdiar er moglege:

1: FileAttr-funksjonen indikerer tilgangsmodusen for fila.

2: FileAttr-funksjonen returnerer filtilgangsnummeret for operativsystemet.

Viss du gjev ein parametereigenskap med verdien 1, får du denne returverdien:

1 - INPUT (fila er ope for inndata)

2 - OUTPUT (fila er ope for utdata)

4 - RANDOM (fila er ope for direktetilgang («random access»))

8 - APPEND (fila er ope for tilføyingar)

32 - BINARY (fil er ope i binærmodus).

Feilkodar

5 Ugyldig prosedyreoppkall

52 Ugyldig filnamn eller filnummer

Eksempel:


Sub ExampleFileAttr
    Dim iNumber As Integer
    Dim sLine As String
    Dim aFile As String
    aFile = "C:\Users\ThisUser\data.txt"
    iNumber = Freefile
    Open aFile For Output As #iNumber
    Print #iNumber, "Dette er ei tekstlinje"
    MsgBox FileAttr(#iNumber, 1), 0, "Tilgangsmodus"
    MsgBox FileAttr(#iNumber, 2), 0, "Filattributt"
    Close #iNumber
End Sub

Støtt oss!