CurDir-funksjonenn

Returnerer ein variantstreng som inneheld den gjeldande stien .

warning

Nokre DOS-spesifikke fil- og mappefunksjonar finst ikkje lenger, eller finst i avgrensa versjonar, i LibreOffice. For eksempel vert ikkje ChDir, ChDrive og CurDir støtta. Nokre DOS-spesifikke eigenskapar vert ikkje lenger brukte i funksjonar som ventar fileigenskapar som parametrar (for eksempel for å skilja mellom gøymde filer og systemfiler). Dette sikrar at LibreOffice er mest mogleg uavhengig av kva plattform som er i bruk. Difor må ein rekna med at desse vert fjerna i nær framtid.


note

Biblioteket ScriptForge i LibreOffice 7.1 introduserte tenesta FileSystem med metodar for å handsama filer og mapper i brukarskript.


Syntaks:


CurDir [(Text As String)]

Returverdi:

Streng

Parametrar:

Text: Kva strenguttrykk som helst som spesifiserer eit tilgjengeleg lagringsmedium, for eksempel «C» for den første partisjonen på den første harddisken. Denne parameteren vert brukt berre i Windows.

Viss det ikkje er spesifisert nokon drivar eller spesifikasjonen er ein streng med lengd null (""), returnerer CurDir stien til den gjeldande drivaren. LibreOffice Basic rapporterer ein feil viss syntaksen i drivar-beskrivinga er feil eller at drivaren ikkje finst.

Denne funksjonen skil ikkje mellom store og små bokstavar.

Feilkodar

5 Ugyldig prosedyreoppkall

68 Eininga er ikkje tilgjengeleg

7 Ikkje nok minne

51 Intern feil

Eksempel:


  Sub ExampleCurDir
      Dim sDir1 As String, sDir2 As String
      sDir1 = "C:\Test"
      sDir2 = "D:\Private"
      ChDir( sDir1 )
      MsgBox CurDir
      ChDir( sDir2 )
      MsgBox CurDir
  End Sub

Støtt oss!