ChDrive-uttrykket

Endrar gjeldande lagringsmedium.

warning

Nokre DOS-spesifikke fil- og mappefunksjonar finst ikkje lenger, eller finst i avgrensa versjonar, i LibreOffice. For eksempel vert ikkje ChDir, ChDrive og CurDir støtta. Nokre DOS-spesifikke eigenskapar vert ikkje lenger brukte i funksjonar som ventar fileigenskapar som parametrar (for eksempel for å skilja mellom gøymde filer og systemfiler). Dette sikrar at LibreOffice er mest mogleg uavhengig av kva plattform som er i bruk. Difor må ein rekna med at desse vert fjerna i nær framtid.


note

Biblioteket ScriptForge i LibreOffice 7.1 introduserte tenesta FileSystem med metodar for å handsama filer og mapper i brukarskript.


Syntaks:


  ChDrive Text As String

Parametrar:

Tekst: Eit strenguttrykk som inneheld bokstaven for det nye lagringsmediet. Du kan også bruka URL-notasjon.

Lagringsmediumet må vera tildelt ein stor bokstav. I Windows er bokstavane som kan brukast avgrensa av innstillingane i LASTDRV. Viss lagringsmediumet er tildelt ein streng med fleire bokstavar, vert berre den første bokstaven brukt. Viss du prøver å få tilgang til eit lagringsmedium som ikkje finst, får du ei feilmelding som du kan handsama med OnError-uttrykket.

Feilkodar

5 Ugyldig prosedyreoppkall

68 Eininga er ikkje tilgjengeleg

76 Fann ikkje stien

Eksempel:


  Sub ExampleChDrive
      ChDrive "D" ' Er berre mogleg viss lagringsmediumet «D» finst.
  End Sub

Støtt oss!