LibreOffice 25.2 Hjelp
Endrar gjeldande mappe eller lagringsmedium.
Nokre DOS-spesifikke fil- og mappefunksjonar finst ikkje lenger, eller finst i avgrensa versjonar, i LibreOffice. For eksempel vert ikkje ChDir, ChDrive og CurDir støtta. Nokre DOS-spesifikke eigenskapar vert ikkje lenger brukte i funksjonar som ventar fileigenskapar som parametrar (for eksempel for å skilja mellom gøymde filer og systemfiler). Dette sikrar at LibreOffice er mest mogleg uavhengig av kva plattform som er i bruk. Difor må ein rekna med at desse vert fjerna i nær framtid.
Biblioteket ScriptForge i LibreOffice 7.1 introduserte tenesta FileSystem med metodar for å handsama filer og mapper i brukarskript.
ChDir Tekst As String
Tekst Eit strenguttrykk som gjev katalogstien eller lagringsmediet.
Viss du berre vil endra gjeldande lagringsmedium, skriv inn bokstaven for mediet etterfølgd av kolon. (T. d. C:).
Sub ExampleChDir
Dim sDir1 As String, sDir2 As String
sDir1 = "C:\Test"
sDir2 = "D:\Private"
ChDir( sDir1 )
MsgBox CurDir
ChDir( sDir2 )
MsgBox CurDir
End Sub