Handsaming av filer

Funksjonane og uttrykka som er brukte for å handtera filer er omtalte her.

ChDir-uttrykket

Endrar gjeldande mappe eller lagringsmedium.

ChDrive-uttrykket

Endrar gjeldande lagringsmedium.

CurDir-funksjonen

Returnerer ein variantstreng som inneheld den gjeldande stien for det oppgjeve lagringsmediet.

Dir-funksjonen

Returnerer namnet på ei fil, ein katalog eller alle filene og katalogane på eit drev eller i ein katalog som passer til den spesifiserte søkjestien.

FileAttr-funksjonen

Returnerer tilgangsmodus eller filtilgangsnummeret for ei fil som er opna med Open-uttrykket. Filtilgangsnummeret er avhengig av operativsystemet (OSH = Operating System Handle, operativsystemhandsamaren).

FileCopy-uttrykket

Kopierer ei fil

FileDateTime-funksjonen

Returnerer ein streng med dato og klokkeslett for når fila vart laga eller sist endra.

FileExists-funksjonen

Bestemmer om ei fil eller ein katalog er tilgjengeleg på lagringsmediumet.

FileLen-funksjonen

Returnerer lengda på ei fil i byte.

GetAttr-funksjonen

Returnerer eit bitmønster som identifiserer filtypen eller namnet på lagringsmediumet eller ei mappe.

GetPathSeparator-funksjonen

Returnerer teiknet som vert brukt av operativsystemet for å skilja mapper i filstiane.

Kill-uttrykket

Sletter ei fil frå eit lagringsmedium.

MkDir-uttrykket

Oppretter ein ny katalog på eit lagringsmedium.

Name-uttrykket

Gje ei eksisterande fil eller mappe nytt namn.

RmDir-uttrykket

Slettar ei eksisterande mappe frå lagringsmediumet.

SetAttr-uttrykket

Set attributtinformasjon for ei spesifisert fil.

Støtt oss!