Write#-uttrykket

Skriv data til ei sekvensiell tekstfil med skiljeteikn.

tip

Bruk uttrykket Print# for å skriva data til ei sekvensiell datafil. Bruk uttrykket Put# for å skriva data til ei binærfil eller ei tilfeldig fil.


Syntaks:

Diagram over uttrykket Write


Write [#fileNum] {,|;} expression [, …]

Parametrar:

filnummer: Eitkvart uttrykk som inneheld filnummeret sett i uttrykket «Open» for den aktuelle fila.

Uttrykksliste: Variablar eller uttrykk som skal setjast inn i ei fil, skilde med komma.

Viss uttrykkslista ikkje er teke med, vil uttrykket Write leggja ei tom linje til fila.

For at du skal kunna leggja til ei uttrykksliste til ei ny eller ei eksisterande fil, må fila vera opna i Output- eller Append-modus.

Strengar som vert skrivne inn er sett mellom hermeteikn og skilde med komma. Du treng ikkje skriva inn desse skiljeteikna i lista over uttrykk.

Alle Write-uttrykk set inn eit linjeskift som siste element.

Tal med desimalskiljeteikn vert konverterte i høve til dei lokale innstillingane.

Eksempel:

Støtt oss!