LibreOffice 25.2 Hjelp
Skriv ein post til ei relativ fil eller til ein bytesekvens i ei binærfil
Put [#]fileNum, [recordNum|filePos], variable
fileNum: Eit heiltalsuttrykk som definerer fila du vil skriva til.
recordNum, filePos: For relative filer (dvs. filer med tilfeldig tilgang) er dette nummeret på den dataposten du vil skriva.
For binære filer (binær tilgang) er dette plasseringa av den byte i filen der skrivinga skal byrja.
variable: Namnet på variabelen som du vil skriva til fila.
Merknad for relative filer: Viss innhaldet i denne variabelen ikkje svarar til den lengda på dataposten som er oppgjeve i Len-delen av utsegna Open, vert rommet mellom slutten av den nettopp innskrivne dataposten og den neste dataposten fylt ut med data frå fila du skriv til.
Merknad for binære filer: Innhaldet av variablane vert skriv til den oppgjevne plassen og filpeikaren vert sett inn like etter siste byte. Det vert ingen mellomrom mellom postane.