LibreOffice 25.2 Hjelp
Les ei linje frå ei sekvensiell fil til ein variabel.
Line Input #fileNum, variable
FileNum: Nummeret på den fila som inneheld dataa som skal lesast. Fila må vera opna med uttrykket «Open» ved å bruka nøkkelordet INPUT.
variable: Namnet på variabelen som resultatet er lagra i.
Ved hjelp av uttrykket Line Input# kan du lesa strengar frå ei open fil inn i ein variabel. Strengvariablane vert lesne linje for linje fram til det første retur (Asc=13) eller linjeskiftet (Asc=10). Merke for linjeslutt vert ikkje teke med i resultatstrengen.