LibreOffice 7.3 Hjelp
Opnar ein datakanal.
Open pathname For mode [Access io] [locking] As [#]filenum [Len=recLen]
pathname: Sti til og namn på fila du vil opna.Viss du prøver å lesa ei fil som ikkje finst (Access = Read), får du ei feilmelding. Prøver du å skriva til ei fil som ikkje finst, vert denne fila laga som ny fil.
Mode: Nøkkelord som bestemmer filmodus. Gyldige verdiar: Append (legg til i sekvensiell fil), Binary (data er tilgjengelege som byte med Get og Put), Input (opnar datakanal for lesing), Output (opnar datakanal for skriving) og Random (redigerar relative filer).
io: nøkkelord som definerer tilgangstypen. Gyldige verdiar er: Read only (kan berre lesast frå, skrivesperra), Write (kan berre skrivast til, lesesperra), Read Write (begge).
locking: nøkkelord som definerer tryggingsstatusen til fila etter at ho er opna. Gyldige verdiar er: Shared (fila kan opnast av andre program), Lock Read (fila er verna mot lesing), Lock Write (fila er verna mot skriving), Lock Read Write (nektar filtilgang).
filenum: Kva heiltal som helst frå 0 til 511 for å indikera nummeret på ein fri datakanal. Du kan deretter overføra kommandoar gjennom datakanalen for å få tilgang til fila. Filnummeret må bestemmast av funksjonen FreeFile like før Open-kommandoen.
recLen: Set lengda på postane i Random access-filer.
Du kan endra innhaldet i ei fil berre viss ho er opna med uttrykket Open. Viss du prøver å opna ei fil som er opna frå før, får du ei feilmelding.
Sub ExampleWorkWithAFile
Dim iNumber As Integer
Dim sLine As String
Dim aFile As String
Dim sMsg As String
aFile = "C:\Users\ThisUser\data.txt"
iNumber = Freefile
Open aFile For Output As #iNumber
Print #iNumber, "Dette er ei tekstlinje"
Print #iNumber, "Dette er ei tekstlinje til"
Close #iNumber
iNumber = Freefile
Open aFile For Input As iNumber
While Not eof(iNumber)
Line Input #iNumber, sLine
If sLine <>"" Then
sMsg = sMsg & sLine & chr(13)
End If
Wend
Close #iNumber
MsgBox sMsg
End Sub
Sub ExampleWorkWithAFile
Dim iNumber As Integer
Dim sLine As String
Dim aFile As String
Dim sMsg As String
aFile = "~/data.txt"
iNumber = Freefile
Open aFile For Output As #iNumber
Print #iNumber, "Dette er ei tekstlinje"
Print #iNumber, "Dette er ei tekstlinje til"
Close #iNumber
iNumber = Freefile
Open aFile For Input As iNumber
While Not eof(iNumber)
Line Input #iNumber, sLine
If sLine <>"" Then
sMsg = sMsg & sLine & chr(13)
End If
Wend
Close #iNumber
MsgBox sMsg
End Sub
Viss uttrykket Open (opna) prøver å opna ei fil som den gjeldande brukaren ikkje har lese-/skrive-rettar til, vert det sett eit I/O-feilflag.