RGB-funksjonen [VBA]

Returnerer ein heiltals fargeverdi som Long-heiltal sett saman av dei raude, grøne og blå komponentane i høve til VBA-formelen.

warning

Denne konstanten eller funksjonen eller dette objektet vert slått på med uttrykket Option VBASupport 1 sett framføre den køyrbare programkoden i ein modul.


Syntaks:


RGB (Red, Green, Blue)

Returverdi:

Long

Parametrar:

Red: Kva heiltalsuttrykk som helst som representerer den raude komponenten (0 - 255) i ein samansett farge.

green: Kva heiltalsuttrykk som helst som representerer den grøne komponenten (0 - 255) i ein samansett farge.

blue: Kva heiltalsuttrykk som helst som representerer den blå komponenten (0 - 255) i ein samansett farge.

warning

På grund av VBA-kompatibilitetsmodusen (Option VBASupport 1) vert Long-verdien rekna ut som
Resultat = raud + grøn×256 + blå×65536


Feilkodar

5 Ugyldig prosedyreoppkall

Eksempel:


Option VBASupport 1
Sub ExampleRGBVBA
Dim lVar As Long
    lVar = rgb(128,0,200)
    Print lVar; ' returnerer 13107328
End Sub

Støtt oss!