LibreOffice 25.2 Hjelp
Returnerer ein heiltals fargeverdi som Long-heiltal sett saman av dei raude, grøne og blå komponentane.
RGB (Raud, Grøn, Blå)
Long
Red: Kva heiltalsuttrykk som helst som representerer den raude komponenten (0 - 255) i ein samansett farge.
green: Kva heiltalsuttrykk som helst som representerer den grøne komponenten (0 - 255) i ein samansett farge.
blue: Kva heiltalsuttrykk som helst som representerer den blå komponenten (0 - 255) i ein samansett farge.
Den resulterande Lang-verdien vert rekna ut ved å bruka denne formelen:
Resultat = raud×65536 + grøn×256 + blå
I VBA-kompatibilitetsmodus (Option VBASupport 1) vert Long-verdien rekna ut som
Result = raud + grøn×256 + blå×65536
Sjå RGB-funksjonen [VBA]
Dialogvindauget Fargehentar hjelper med å rekna ut raude, grøne og blå komponentar i ein samansett farge. Endra tekstfarge og val av Tilpass farge vil også visa dialogvindauget for fargehentaren.
Sub ExampleColor
Dim lVar As Long
lVar = rgb(128,0,200)
MsgBox "Fargen " & lVar & " er sett saman av:" & Chr(13) &_
"raud= " & Red(lVar) & Chr(13)&_
"grøn= " & Green(lVar) & Chr(13)&_
"blå= " & Blue(lVar) & Chr(13), 64, "fargar"
End Sub