InputBox-funksjon

Viser eit spørjefelt i eit dialogvindauge der brukaren kan skriva inn ein tekst. Innskrivinga vert lagt inn i ein variabel.

InputBox-uttrykket er ein grei måte å skriva inn tekst ved hjelp av eit dialogvindauge. Stadfest innskrivinga ved å trykka OK eller Enter-tasten. Innskrivinga vert returnert som returverdien for funksjonen. Viss du lukkar dialogvindauget med Avbryt-knappen, vil InputBox returnera ein tom streng ("").

Syntaks:


InputBox (Prompt As String[, Title As String[, Default As String[, xpostwips As Integer, ypostwips As Integer]]]) As String

Parametrar:

prompt: Strenguttrykket som vert vist som melding i dialogvindauget.

Title: Strenguttrykket som vert vist i tittelfeltet for dialogvindauget.

default: Strenguttrykket som vert vist i tekstfeltet i dialogvindauget viss det ikkje er skrive inn inndata.

xpostwips: Heiltalsuttrykk som bestemmer den vassrette plasseringa av dialogvindauget. Plasseringa er ein absolutt koordinat og har ingen ting med LibreOffice-vindauget å gjera.

ypostwips: Heiltalsuttrykk som bestemmer den loddrette plasseringa av dialogvindauget. Plasseringa er ein absolutt koordinat og har ingen ting med LibreOffice-vindauget å gjera.

Viss xpostwips og ypostwips er sløyfa, vert dialogvindauget midtstilt på skjermen. Plasseringa vert bestemt med måleeininga twips.

Returverdi:

Streng

Eksempel:


Sub ExampleInputBox
Dim sText As String
    sText = InputBox ("Skriv inn ei setning:","Kjære brukar")
    MsgBox ( sText , 64, "Bekreft teksten")
End Sub

Støtt oss!