Print#-uttrykket

Skriv ut dei valde strengane eller numeriske uttrykka til skjermen eller til ei sekvensiell fil.

tip

Bruk uttrykket Put# for å skriva data til ei binær eller tilfeldig fil. Bruk uttrykket Write# for å skriva data til ei sekvensiell tekstfil med skiljeteikn.


Syntaks:

Utskriftssyntaks


Print [#filnummer,] uttrykk1[{;|,} [Spc(tal As Integer);] [Tab(pos As Integer);] [uttrykk2[…]]

Parametrar:

filnummer: Eitkvart uttrykk som inneheld filnummeret sett i uttrykket Open for den aktuelle fila.

uttrykk: Eit numerisk uttrykk eller eit strenguttrykk som skal skrivast ut. Fleire uttrykk vert skilde med semikolon. Viss uttrykka vert skilde med komma, vert uttrykka flytte til neste tabulator. Tabulatorane kan ikkje endrast.

tal: talet på mellomrom som er sett inn med funksjonen Spc.

Pos: Det vert sett inn mellomrom til denne posisjonen er nådd.

Viss det er eit semikolon eller komma til slutt i det siste uttrykket som skal skrivast ut, vil LibreOffice Basic lagra teksten i ein intern buffer og halda fram med programutføringa utan å skriva ut. Når eit anna uttrykk som skal skrivast ut vert møtt, og dette ikkje er avslutta med semikolon eller komma, vert all tekst som skal skrivast ut skrive ut samtidig.

Positive numeriske uttrykk vert skrive ut med eit leiande mellomrom. Negative uttrykk vert skrivne ut med eit leiande minusteikn. Viss desimaltal overstig ein viss verdi, vert dei skrivne ut med eksponentiell (vitskapleg) notasjon.

Viss eit uttrykk overstig ei viss lengd, vert det sett inn linjeskift automatisk.

Merknadsikon

Du kan setja inn Tab-funksjonen (mellom semikolon) mellom element for å rykka inn utdataa til ein bestemt posisjon, eller du kan bruka funksjonen Spc for å setja inn eit bestemt tal på mellomrom.


Eksempel:

Støtt oss!