MsgBox-uttrykk

Viser eit dialogvindauge som inneheld ei melding.

Syntaks:


   MsgBox prompt As String [,buttons = MB_OK [,title As String]]
   response = MsgBox( prompt As String [,buttons = MB_OK [,title As String]])

Parametrar:

prompt Strenguttrykk som vert vist som ei melding i dialogvindauget. Linjeskift kan setjast inn med Chr$(13).

title: Strenguttrykk som vert vist på tittellinja i dialogvindauget. Viss denne vert sløyfa, vert programnamnet vist på tittellinja.

knappar: Eit heiltalsuttrykk som bestemmer dialogvindaugetypen, kor mange og kva type knappar som skal visast og ikontypen. knappar er ein kombinasjon av bit-mønster, det vil seia ein kombinasjon av element som vert definert ved å leggja saman dei respektive verdiane:

Namngjeven konstant

Heiltalsverdi

Definisjon

MB_OK

0

Vis berre OK-knappen.

MB_OKCANCEL

1

Vis knappane OK og Avbryt.

MB_ABORTRETRYIGNORE

2

Vis knappane Avbryt, Prøv igjen og Ignorer.

MB_YESNOCANCEL

3

Vis knappane Ja, Nei og Avbryt

MB_YESNO

4

Vis knappane Ja og Nei.

MB_RETRYCANCEL

5

Vis knappane Prøv igjen og Avbryt.

MB_ICONSTOP

16

Legg stopp-ikonet til i dialogvindauget.

MB_ICONQUESTION

32

Legg spørsmål-ikonet til i dialogvindauget.

MB_ICONEXCLAMATION

48

Legg utropsteikn-ikonet til i dialogvindauget.

MB_ICONINFORMATION

64

Legg informasjons-ikonet til i dialogvindauget.

128

Første knappen i dialogvindauget som standardknapp.

MB_DEFBUTTON2

256

Andre knappen i dialogvindauget som standardknapp.

MB_DEFBUTTON3

512

Tredje knappen i dialogvindauget som standardknapp.


Feilkodar

5 Ugyldig prosedyreoppkall

Eksempel:


Sub ExampleMsgBox
 Const sText1 = "Det oppstod ein uventa feil."
 Const sText2 = "Programutføringa vil likevel halda fram"
 Const sText3 = "Feil"
 MsgBox(sText1 + Chr(13) + sText2,16,sText3)
 MsgBox(sText1 + Chr(13) + sText2, MB_ICONSTOP, sText3)
End Sub

Støtt oss!