LibreOffice 7.1 Hjelp
Denne bolken handlar om køyretidsfunksjonar i LibreOffice Basic.
Dette avsnittet handlar om køyretidsfunksjonar som vert brukte for å visa dialogvindauge for inn- og utskriving av data.
Bruk uttrykka og funksjonane omtalte her for å utføra utrekningar med datoar og klokkeslett.
Bruk desse uttrykka og funksjonane for å bestemma korleis LibreOffice Basic skal reagera på køyretidsfeil.
Desse numeriske funksjonane utfører utrekningar. Matematiske og boolske (logiske) operatorar er omtalte i ein eigen bolk. Skilnaden mellom funksjonar og operatorar er at funksjonane tek i mot argument og returnerer eit resultat, medan operatorane returnerer ei kombinering av to numeriske uttrykk.
Dei følgjande uttrykka og funksjonane vert brukte for arbeid med variablar. Du kan bruka desse funksjonane for å definera variablar, konvertera variablar frå ein type til ein annan eller for å definera variabeltypen.
Dette er ei liste over funksjonar og uttrykk som ikkje er tekne med i dei andre kategoriane.