Tenesta ScriptForge.UI

T Tenesta UI (User Interface = brukargrensesnitt) gjer identifikasjonen og handsaminga av dei ulike vindauga som heile LibreOffice-programmet er bygd opp av.

tip

UI-tenesta er utgangspunktet for å opna, laga eller få tilgang til innhaldet i nye eller eksisterande dokument frå eit brukarskript.


Definisjonar

WindowName

Eit vindauge kan beskrivast på mange ulike måtar:

Namnet på vindauget skil mellom store og små bokstavar.

Document-objektet

Metodane CreateDocument, CreateBaseDocument, GetDocument, OpenBaseDocument og OpenDocument omtalte nedanfor genererer dokumentobjekt. Når eit vindauge inneheld eit dokument, representerer ein førekomst av klassen Document det dokumentet. Eit moteksempel er at Basic IDE ikkje er eit dokument, men er et vindauge i vår terminologi. I tillegg har eit dokument ein type: Calc, Impress, Writer, …

Dei spesifikke eigenskapane og metodane som kan brukast på dokument er implementerte i ein dokument-klasse.

tip

Implementeringa av dokument-objektklassen vert gjort i det tilknytte biblioteket SFDocuments. Sjå tenesta for dette i "Document".


Oppkall av tenester

Før du brukar tenesta UI, må biblioteket ScriptForge vera lasta inn eller importert:

note

• Grunnleggjande makroar krev innlasting av biblioteket ScriptForge ved hjelp av denne setninga:
GlobalScope.BasicLibraries.loadLibrary("ScriptForge")

• Python-skript krev import frå scriptforge-modulen:
from scriptforge import CreateScriptService


I Basic

    Dim ui As Variant
    GlobalScope.BasicLibraries.LoadLibrary("ScriptForge")
    Set ui = CreateScriptService("UI")
  
I Python

    from scriptforge import CreateScriptService
    ui = CreateScriptService("UI")
  

Eigenskapar

Namn

Skriveverna

Type

Beskriving

ActiveWindow

Ja

String

eit gyldig og unikt WindowName til det gjeldande aktive vindauget. Når vindauget ikkje kan identifiserast, vert det returnert ein streng med null lengd.

Documents

Ja

String array

Lista over gjeldande opne dokument. Spesialvindauge vert ignorerte. Denne lista består av ei null-basert eindimensjonal matrise av anten filnamn (i SF_FileSystem.FileNaming-notasjon) eller av titlar på dokument som ikkje er lagra.

Height

Ja

Integer

Returnerer høgda i det aktive vindauget i pikslar.

Width

Ja

Integer

Returnerer breidda i det aktive vindauget i pikslar.

X

Ja

Integer

Returnerer X-koordinaten til det aktive vindauget, som er avstanden til venstre kant av skjermen i pikslar.

Y

Ja

Integer

Returnerer Y-koordinaten til det aktive vindauget. Dette er avstanden til øvre kant av skjermen i pikslar. Denne verdien tar ikkje omsyn til vindaugedekorasjonar lagt til av operativsystemet, så sjølv når vindauget er maksimert, er kanskje denne verdien ikkje null.


Konstantar

Namn

Verdi

Beskriving

MACROEXECALWAYS

2

Makroar vert alltid utført

MACROEXECNEVER

1

Makroar vert aldri utført

MACROEXECNORMAL

0

Køyringa av makroar er avhengig av brukarinnstillingane


Eksempel:

Eksemplet nedanfor viser ein MsgBox med namna på alle gjeldande opne dokument.

I Basic

      Dim openDocs as Object, strDocs as String
     Set openDocs = ui.Documents()
     strDocs = openDocs(0)
     For i = 1 to UBound(openDocs)
         strDocs = strDocs & Chr(10) & openDocs(i)
     Next i
     MsgBox strDocs
   
I Python

     ui = CreateScriptService("UI")
     bas = CreateScriptService("Basic")
     openDocs = ui.Documents()
     strDocs = "\n".join(openDocs)
     bas.MsgBox(strDocs)
   

Liste over metodar i tenesta UI

Activate
CreateBaseDocument
CreateDocument (*)
GetDocument
Maximize

Minimize
OpenBaseDocument
OpenDocument (*)
Resize

RunCommand
SetStatusBar (*)
ShowProgressBar
WindowExists


warning

Merk, som eit unnatak, at metodane merkt med (*) ikkje kan brukast i Basedokument.


Activate

Gjer det gjevne vindauget aktivt. Metoden returnerer Sann viss det gjevne vindauget vert funne og kan aktiverast. Det er ingen endring i det gjeldande brukargrensesnittet viss ingen vindauge samsvarar med valet.

Syntaks:

svc.Activate(windowname: str): bool

Parametrar:

windowname: sjå definisjonane ovanfor.

Eksempel:

I Basic

      ui.Activate("C:\Documents\My file.odt")
    
I Python

      ui.Activate(r"C:\Documents\My file.odt")
    

CreateBaseDocument

Opprettar og lagrar eit nytt LibreOffice Base-dokument som byggjar inn ein tom database av den gjevne typen. Metoden returnerer ein førekomst av tenesta Document.

Syntaks:

svc.CreateBaseDocument(filename: str, embeddeddatabase: str = 'HSQLDB', registrationname: str = '', opt calcfilename: str): svc

Parametrar:

filname: Identifiserer fila som skal opprettast. Det må følgja SF_FileSystem.FileNaming-notasjonen. Viss fila finst frå før, vert ho overskrive utan varsel

embeddeddatabase: Anten «HSQLDB» (standard), «FIREBIRD» eller «CALC».

registrationname : Namnet som vert brukt til å lagra den nye databasen i databaseregisteret. Når = "" (standard), vert ingenting registrert. Viss namnet er i bruk frå før, vert det overskrive utan varsel.

calcfilename: Berre når embeddeddatabase = "CALC", representerer calcfilename fila som inneheld tabellane som Calc-ark. Fila må finnast frå før, elles vert det generert det ein feil.

Eksempel:

I Basic

      Dim myBase As Object, myCalcBase As Object
      Set myBase = ui.CreateBaseDocument("C:\Databases\MyBaseFile.odb", "FIREBIRD")
      Set myCalcBase = ui.CreateBaseDocument("C:\Databases\MyCalcBaseFile.odb", _
          "CALC", , "C:\Databases\MyCalcFile.ods")
   
I Python

     myBase = ui.CreateBaseDocument(r"C:\Databases\MyBaseFile.odb", "FIREBIRD")
     myCalcBase = ui.CreateBaseDocument(r"C:\Databases\MyCalcBaseFile.odb", \
         "CALC", calcfilename = r"C:\Databases\MyCalcFile.ods")
   

CreateDocument (*)

Opprett eit nytt LibreOffice-dokument av ein gjeven type eller basert på ein gjeven mal. Metoden returnerer eit dokumentobjekt.

Syntaks:

svc.CreateDocument(documenttype: str = '', templatefile: str = '', hidden: bool = False): svc

Parametrar:

documenttype : «Calc», «Writer»,osv. Viss denne manglar, må argumentet templatefile vera til stades.

templatefile: Det fullstendige FileName på malen som det nye dokumentet skal byggjast på. Viss fila ikkje finst, vert det sett bort frå argumentet. Tenesta FileSystem inneheld eigenskapane TemplatesFolder og UserTemplatesFolder som hjelper til med å byggja argumentet.

hidden: viss Sann, opnar du det nye dokumentet i bakgrunnen (standard = Usann). Må brukast med varsemd sidan å aktivering eller lukking seinare berre kan skje programmatisk.

Eksempel:

I begge eksempla nedanfor set det første kallet til metoden CreateDocument opp eit tomt Calc-dokument, medan det andre set opp eit dokument frå ei malfil.

I Basic

      Dim myDoc1 As Object, myDoc2 As Object, FSO As Object
      Set myDoc1 = ui.CreateDocument("Calc")
      Set FSO = CreateScriptService("FileSystem")
      Set myDoc2 = ui.CreateDocument(, FSO.BuildPath(FSO.TemplatesFolder, "personal/CV.ott"))
   
I Python

     myDoc1 = ui.CreateDocument("Calc")
     fs = CreateScriptService("FileSystem")
     myDoc2 = ui.CreateDocument(templatefile = fs.BuildPath(fs.TemplatesFolder, "personal/CV.ott"))
   

GetDocument

Returnerer eit ope dokument-objekt som refererer til anten det aktive vindauget, eit gjeve vindauge eller det aktive dokumentet.

Syntaks:

svc.GetDocument(windowname: str = ''): svc

svc.GetDocument(windowname: uno): svc

Parametrar:

windowname: Sjå definisjonane ovanfor. Viss dette argument manglar, vert det aktive vindauget brukt. UNO-objekt av typane com.sun.star.lang.XComponent eller com.sun.star.comp.dba.ODatabaseDocument vert også aksepterte. Så viss du sender ThisComponent eller ThisDatabaseDocument som argument, vert det oppretta ei ny teneste, anten SFDocuments.Document, Base eller Calc.

Eksempel:

I Basic

      Dim myDoc As Object
      Set myDoc = ui.GetDocument("C:\Documents\My file.odt")
      Set myBase = ui.GetDocument(ThisDatabaseDocument)
   
I Python

     from scriptforge import CreateScriptService
     bas = CreateScriptService("Basic")
     myDoc = ui.GetDocument(r"C:\Documents\My file.odt")
     myDoc = ui.GetDocument(bas.ThisComponent)
   
tip

Viss du ønskjer tilgang til namnet på det aktive vindauget, sjå eigenskapen ActiveWindow.


Maximize

Maksimerer det aktive vindauget eller det gjevne vindauget.

Syntaks:

svc.Maximize(windowname: str)

Parametrar:

windowname: sjå definisjonane ovanfor. Viss dette argumentet manglar, vert det gjeldande vindauget maksimert.

Eksempel:

I Basic

      ui.Maximize("Untitled 1")
   
I Python

     ui.Maximize("Untitled 1")
   

Minimize

Minimerer det aktive vindauget eller det gjevne vindauget.

Syntaks:

svc.Minimize(windowname: str)

Parametrar:

windowname: sjå definisjonane ovanfor. Viss dette argumentet manglar, vert det gjeldande vindauget minimert.

Eksempel:

I Basic

     ui.Minimize()
   
I Python

     ui.Minimize()
   

OpenBaseDocument

Opnar eit LibreOffice Base-dokument som finst frå før. Metoden returnerer eit dokument-objekt.

Syntaks:

svc.OpenBaseDocument(filename: str = '', registrationname: str = '', macroexecution: int = 0): svc

Parametrar:

filnamn: Identifiserer fila som skal opnast. Namnet må følgja notasjonen SF_FileSystem.FileNaming .

registrationname: Namnet som vert brukt for å finna databasen i databaseregisteret. Dette argument vert ignorert viss filnamn <> "".

macroexecution: 0 = åtferda vert bestemt av brukaroppsettet, 1 = makroar er ikkje køyrbare, 2 = makroar er køyrbare.

Eksempel:

I Basic

      Dim myBase As Object
      Set myBase = ui.OpenBaseDocument("C:\Documents\myDB.odb", MacroExecution := ui.MACROEXECALWAYS)
   
I Python

     ui.OpenBaseDocument(r"C:\Documents\myDB.odb", macroexecution = ui.MACROEXECALWAYS)
   
tip

For å gjera koden lettare å lesa, kan du bruka førehandsdefinerte konstantar for argumentet macroexecution som i eksempla ovanfor .


OpenDocument (*)

Opnar eit LibreOffice-dokument som finst frå før med dei gjevne vala. Returnerer eit dokumentobjekt eller ein av underklassane i det. Metoden returnerer Ingenting (i BASIC) eller Ingen (i Python) viss opninga ikkje lukkast, sjølv om feilen kjem av feil brukarval.

Syntaks:

svc.Opendocument(filename: str, password: str = '', readonly: bool = False, hidden: bool = False, macroexecution: int = 0, filtername: str = '', filteroptions: str = ''): svc

Parametrar:

filename: Identifiserer fila som skal opnast. Namnet må følgja FileNaming-notasjonen i tenesta FileSystem.

password: Vert brukt når dokumentet er verna. Viss passordet er feil eller manglar når dokumentet er passordverna, vert brukaren beden om å skriva inn passordet.

readonly: Standard = Usann.

hidden: viss Sann, opnar du det nye dokumentet i bakgrunnen (standard = Usann). Må brukast med varsemd sidan aktivering eller lukking seinare berre kan skje programmatisk.

macroexecution: 0 = åtferda vert bestemt av brukaroppsettet, 1 = makroar er ikkje køyrbare, 2 = makroar er køyrbare.

filtername: Namnet på eit filter som skal brukast for å lasta inn dokumentet. Viss brukt, må filteret finnast.

filteroptions: Ein valfri streng med innstillingar for dette filteret.

Eksempel:

I Basic

      Dim myDoc As Object, FSO As Object
      Set myDoc = ui.OpenDocument("C:\Documents\myFile.odt", ReadOnly := True)
   
I Python

     ui.OpenDocument(r"C:\Documents\myFile.odt", readonly = True)
   

Resize

Endrar storleiken og/eller flyttar det gjeldande vindauget. Manglande og negative argument vert ignorerte. Viss vindauget er minimert eller maksimert, kan du gjenoppretta det ved å kalla opp Resize utan argument.

Syntaks:

svc.Resize(left: int = -1, top: int = -1, width: int = -1, height: int = -1)

Parametrar:

left, top: Avstandar frå det øvste, venstre hjørne frå den øvre, venstre kanten av skjermen, i pikslar.

width, height: Nye dimensjonar for vindauget i pikslar.

Eksempel:

I dei neste eksempla vert width (breidd) og height (høgd) for vindauget endra, medan top (oppe) og left (venstre) ikkje vert endra..

I Basic

      ui.Resize(, ,500, 500)
   
I Python

     ui.Resize(width = 500, height = 500)
   
tip

For å endra storleiken på eit vindauge som ikkje er aktivt, må du aktivera det først med metoden Activate.


RunCommand

Køyrer ein UNO-kommando i det gjeldande vindauget. Nokre typiske kommandoar er: Save, SaveAs, ExportToPDF, Undo, Copy, Paste, osv.

Kommandoar kan køyrast med eller utan argument. Argument vert ikkje validerte før kommandoen vert utført. Viss kommandoen eller argumenta i han er ugyldige, skjer det ingenting.

tip

Du finn ei fullstendig liste over UNO-kommandoar som kan køyrast i LibreOffice på Wiki-sida Development/DispatchCommands.


Syntaks:

svc.RunCommand(command: str, [args: any])

Parametrar:

command: Streng med UNO-kommandonamnet. Strengen skil mellom store og små bokstavar. Om du vil ha med prefikset ".uno:" er valfritt. Det vert ikkje kontrollert om sjølve kommandoen er gyldig. Viss det ikkje skjer noko etter at kommandoen er kalla opp, er han sannsynlegvis feil.

args: For kvart argument som skal sendast vidare til kommandoen, må du spesifisera eit par som inneheld namnet og verdien til argumentet.

Eksempel:

I Basic

Det neste eksempelet køyrer kommandoen .uno:About i det gjeldande vindauget.


    Set ui = CreateScriptService("UI")
    ui.RunCommand("About")
  

Nedanfor er eit eksempel som køyrer UNO-kommandoen .uno:BasicIDEAppear og sender dei nødvendige argumenta for å opna Basic IDE på ei bestemt linje i ein modul.


    ' Argument sende til kommandoen:
    ' Document  = "LibreOffice Macros & Dialogs"
    ' LibName = "ScriptForge"
    ' Name = "SF_Session"
    ' Line = 600
    ui.RunCommand(".uno:BasicIDEAppear", "Document", "LibreOffice Macros & Dialogs", _ 
                  "LibName", "ScriptForge", "Name", "SF_Session", "Line", 600)
  

Merk at å kalla opp kommandoen BasicIDEAppear utan argument vil opna Basic IDE.

I Python

    ui = CreateScriptService("UI")
    ui.RunCommand("About")
  

    ui.RunCommand(".uno:BasicIDEAppear", "Document", "LibreOffice Macros & Dialogs", \
                  "LibName", "ScriptForge", "Name", "SF_Session", "Line", 600)
  

I Python er det også mogleg å kalla opp RunCommand ved å bruka nøkkelordargument:


    ui.RunCommand(".uno:BasicIDEAppear", Document = "LibreOffice Macros & Dialogs", \
                  LibName = "ScriptForge", Name = "SF_Session", Line = 600)
  
tip

Kvar LibreOffice-komponent har sitt eige sett med kommandoar tilgjengeleg. Ein enkel måte å læra kommandoar på er å gå til Verktøy → Tilpass → Tastatur. Når du held musepeikaren over ei oppføring i lista over Funksjonar kjem det opp eit verktøytips med den tilsvarande UNO-kommandoen.


SetStatusbar (*)

Viser tekst og ei framdriftslinje på statuslinja i det gjeldande vindauget. Alle seinare oppkall i den same makrokøyringa refererer til same statuslinje i same vindauge, sjølv om vindauget ikkje er synleg. Eit oppkall utan argument tilbakestiller statuslinja til normaltilstanden.

Syntaks:

svc.SetStatusbar(text: str = '', percentage: int = -1)

Parametrar:

text: Ein valfri tekst som skal visast framføre framdriftslinja.

percentage: eit valfritt framdriftsnivå mellom 0 og 100.

Eksempel:

I Basic

      Dim i As Integer
      For i = 0 To 100
          ui.SetStatusbar("Progress ...", i)
          Wait 50
      Next i
      ' Tilbakestillar statuslinja
      ui.SetStatusbar
   
I Python

     from time import sleep
     for i in range(101):
         ui.SetStatusbar("Test:", i)
         sleep(0.05)
     ui.SetStatusbar()
   

ShowProgressBar

Visar eit ikkje-modalt dialogvindauge. Spesifiser tittelen, den forklarande teksten og framdriftsprosenten som skal visast på ei framdriftslinje. Dialogvindauget er synleg til metoden vert kalla utan argument, eller at brukaren lukkar dialogvindauget manuelt.

Syntaks:

svc.ShowProgressBar(title: str = '', text: str = '', percentage: str = -1)

Parametrar:

title: Tittelen som vert vist øvst i dialogvindauget. Standard = "ScriptForge".

text: Ein valfri tekst som skal visast over framdriftslinja.

percentage: eit valfritt framdriftsnivå mellom 0 og 100.

Eksempel:

I Basic

      Dim i As Integer
      For i = 0 To 100
          ui.ShowProgressBar("Window Title", "Progress ..." & i & "/100", i)
          Wait 50
      Next i
      ' Lukker vindauget med framdriftslinja
      ui.ShowProgressBar
   
I Python

     from time import sleep
     for i in range(101):
         ui.ShowProgressBar("Window Title", "Progress ... " + str(i) + "/100", i)
         sleep(0.05)
     # Lukker vindauget med framdriftslinja
     ui.ShowProgressBar()
   

WindowExists

Returnerer True viss det gjevne vindauget kunne identifiserast.

Syntaks:

svc.WindowExists(windowname: str): bool

Parametrar:

windowname: sjå definisjonane ovanfor.

Eksempel:

I Basic

      If ui.WindowExists("C:\Document\My file.odt") Then
          ' ...
   
I Python

     if ui.WindowExists(r"C:\Document\My file.odt"):
         # ...
   

Støtt oss!