SFWidgets.Toolbar-tenesta

Toolbar-tenesta tillèt å henta informasjon relatert til verktøylinja for eit spesifisert dokumentvindauge. Med denne tenesta er det mogleg å:

Kvar del av LibreOffice har sitt eige sett med tilgjengelege verktøylinjer. Denne tenesta handsamar både innebygde og tilpassa verktøylinjer.

note

Statuslinja og menylinja vert ikkje sett på som verktøylinjer i denne tenesta.


Oppkall av tenester

Før du brukar Toolbar-tenesta, må ScriptForge-biblioteket lastast inn eller importerast:

note

• Grunnleggjande makroar krev innlasting av biblioteket ScriptForge ved hjelp av denne setninga:
GlobalScope.BasicLibraries.loadLibrary("ScriptForge")

• Python-skript krev import frå scriptforge-modulen:
from scriptforge import CreateScriptService


Toolbar-tenesta vert teken i bruk ved å bruka Toolbars-metoden som er tilgjengeleg i SFDocuments.Document-tenesta.

I Basic

Eksempelet nedanfor gjev ei matrise med namna på verktøylinjene som er tilgjengelege i det gjeldande dokumentet.


    oDoc = CreateScriptService("Document", ThisComponent)
    arrToolbars = oDoc.Toolbars()
    MsgBox SF_String.Represent(arrToolbars)
  
tip

Bruk ein Toolbars-metode utan argument for å få ei matrise med namna på tilgjengelege verktøylinjer.


Eksempelet nedanfor slår av og på visinga av Standard-verktøylinja:


    oDoc = CreateScriptService("Document", ThisComponent)
    toolbar = oDoc.Toolbars("standardbar")
    toolbar.Visible = Not toolbar.Visible
  
I Python

    bas = CreateScriptService("Basic")
    doc = CreateScriptService("Document", bas.ThisComponent)
    arr_toolbars = doc.Toolbars()
    bas.MsgBox(repr(toolbars))
  

    bas = CreateScriptService("Basic")
    doc = CreateScriptService("Document", bas.ThisComponent)
    toolbar = doc.Toolbars("standardbar")
    toolbar.Visible = not toolbar.Visible
  

Eigenskapar

Namn

Skriveverna

Type

Beskriving

BuiltIn

Ja

Boolean

Returnerer Sann når verktøylinja er ein del av dei standard verktøylinjene som vert leverte samam med LibreOffice.

Docked

Ja

Boolean

Returnerer Sann når verktøylinja er aktiv i vindauget og limt inn.

HasGlobalScope

Ja

Boolean

Returnerer Sann når verktøylinja er tiløgjengeleg for alle dokument av same type.

Name

Ja

String

Returnerer namnet på verktøylinja.

ResourceURL

Ja

String

Returnerer ressursadressa til verktøylinja på forma privat:verktøylinje/verktøylinjenamn.

Visible

Nei

Boolean

Returnerer Sann når verktøylinja er aktiv og synleg i dokumentvindauget.

XUIElement

Ja

UNO Object

Returnerer com.sun.star.ui.XUIElement UNO-objektet som representerer verktøylinja.


Liste over metodar i Toolbar-tenesta

ToolbarButtons


ToolbarButtons

Returnerer ei matrise med namna på alle verktøylinjeknappane når det vert kalla opp utan argument.

Gje namnet på ein verktøylinjeknapp som argument for å få ein ToolbarButton tenesteførekomst.

Syntaks:

svc.ToolbarButtons(opt buttonname: str): any

Parametrar:

knappenamn: Namnet på ein verktøylinjeknapp i den gjeldande verktøylinja.

Eksempel:

Eksempelet nedanfor returnerer kommandi\oen som vart utført når knappen Ny vert trykt på i Standard-menylinja:

I Basic

      oToolbar = oDoc.Toolbars("standardbar")
      oToolbarButton = oToolbar.ToolbarButtons("New")
      MsgBox oToolbarButton.OnClick
    
I Python

      toolbar = doc.Toolbars("standardbar")
      toolbar_button = toolbar.ToolbarButtons("New")
      bas.MsgBox(toolbar_button.OnClick)
    
note

Verktøylinjer som ikkje er aktive har ingen knappar. Difor vert verktøylinja synleg når ToolbarButtons-metoden vert brukt.


warning

Alle ScriptForge Basic-rutinane og -identifikatorane som vert innleidde med understrek «_» er reserverte for internt bruk. Dei er ikkje meint brukte i Basic-makroar.


Støtt oss!