Tenesta SFDialogs.Dialog

Tenesta Dialog bidreg til handsaminga av dialogar oppretta med Basic lDialog Editor eller dialogar som er oppretta direkte. Kvar førekomst av den nåverande klassen representerer éin dialogboks som vert vist for brukaren.

tip

Ein dialogboks kan visast i modal eller ikkje-modal modus.

I modal modus vert boksen vist og utføringa av makroprosessen vert utsett til ein av OK- eller Avbryt -knappane vert trykt på. I mellomtida kan brukarhandlingar utført på boksen løysa ut spesifikke handlingar.

I ikkje-modal modus er dialogvindauget «flytande» på brukarskrivebordet, og køyringa av makroprosessen held fram som normalt. Eit ikkje-modalt dialogvindauge vert lukka når den vert avslutta med Terminate()-metoden eller når LibreOffice-økta vert avslutta. Lukkeknappen for vindauget er inaktiv i ikkje-modale dialogvindauge.

Eit dialogvindauge forsvinn frå minnet etter eksplisitt avslutning.

tip

Tenesta SFDialogs.Dialog er i nært slektskap med tenesta SFDialogs.DialogControl.

Oppkall og bruk av tenester

Før du brukar Dialog-tenesta, må ScriptForge-biblioteket lastast inn eller importerast:

note

• Grunnleggjande makroar krev innlasting av biblioteket ScriptForge ved hjelp av denne setninga:
GlobalScope.BasicLibraries.loadLibrary("ScriptForge")

• Python-skript krev import frå scriptforge-modulen:
from scriptforge import CreateScriptService

Tenesta Dialog vert kalla opp med metoden CreateScriptService. Ho krev tre supplerande posisjons-argument for å spesifisera dialogvindauget som skal opnast.

Container: "GlobalScope" for førehandsinstallerte bibliotek eller eit vindaugenamn som er definert av tenesta ScriptForge.UI. Standardverdien tom streng "" står for det gjeldande dokumentet.

Bibliotek: Biblioteknamn (som skil mellom store og små bokstavar) finst i behaldaren. Standardverdien er «Standard».

Dialognamn: Ein streng som skil mellom store og små bokstavar, gjev dialogvindauget.

Eksempla nedanfor i Basic og Python viser dialogvindauget dlgConsole, som høyrer til det delte biblioteket ScriptForge:

      Dim oDlg As Object, lButton As Long
      Dim Container As String, Library As String, DialogName As String
      Set oDlg = CreateScriptService("SFDialogs.Dialog", "GlobalScope", "ScriptForge", "dlgConsole")
      ' … initialisering av kontrollelementa vert skrivne her…
      lButton = oDlg.Execute()
      ' Standardmodus = Modal
      If lButton = oDlg.OKBUTTON Then
      ' … Handsama kontrollelementa og gjera det som trengst her
      End If
      oDlg.Terminate()
  
Eller med Python:

    dlg = CreateScriptService('SFDialogs.Dialog', 'GlobalScope', 'ScriptForge', 'dlgConsole')
    ' … initialisering av kontrollelementa vert skrivne her…
    rc = dlg.Execute()
    ' Standardmodus er Modal
    if rc == dlg.OKBUTTON:
        ' … Handsama kontrollelementa og gjera det som trengst her
    dlg.Terminate()
  
note

Bruk strengen «GlobalScope» som container-argumentet når dialogvindauget er lagra anten i Mine makroar og dialogvindauge eller i Programmakroar og dialogvindauge.

tip

Dialogtenesta tilbyr metodar som opprettar nye kontrollar dynamisk i ein eksisterande dialog førehandsdefinert med Dialogredigering. Eit dialogvindauge vert initialisert med kontrollar i dialogredigeringa, og nye kontrollar kan leggjast til under køyring før eller etter dialoguttrykket Execute().

Tenesta Dialog kan på same måte påkallast ‒ gjennom metoden CreateScriptService ‒ når du opprettar dialogar undervegs. Det krev to supplerande posisjonsargument etter namnet på ad-hoc-tenesta «NewDialog»:

Dialognamn: Ein streng som skil mellom store og små bokstavar, angjev dialogvindauget.

Place: Plasseringa av dialogvindauget i vindauget, er anten:

All elements are expressed in Map AppFont-einingar.

    Sub newDialog()
        Dim oDlg As Object
       oDlg = CreateScriptService("NewDialog", "myDialog1", Array(100,200, 40, 110))
       ' ...
    End Sub
  
Eller med Python:

    def newDialog():
       dlg = CreateScriptService('NewDialog', 'myDialog1', (100,200, 40, 110))
       # … Handsama kontrollelementa og gjera det som trengst her
  
Alle eigenskapar og metodar som gjeld for førehandsdefinerte dialogvindauge, er tilgjengelege for slike nye dialogvindauge. Spesielt serien av CreateXXX ()-metodar for tillegg av nye kontrollelement i dialogvindauge.

Hentar dialogførekomsten som løyste ut ei dialoghending

Du kan henta ein førekomst av tenesta Dialog via tenesta SFDialogs.DialogEvent viss dialogvindauget vart opna med tenesta Dialog. I eksempelet nedanfor inneheld førekomsten av oDlg førekomsten av Dialog som utløyste dialoghendinga.

    Sub aDialogEventHander(ByRef poEvent As Object)
        Dim oDlg As Object
        Set oDlg = CreateScriptService("SFDialogs.DialogEvent", poEvent)
        ' ...
    End Sub
  
Eller bruka Python:

    def control_event_handler(event: uno):
        dlg = CreateScriptService("SFDialogs.DialogEvent", event)
        # ...
  
Merk at i dei tidlegare eksempla kan prefikset «SFDialogs.» sløyfast når det passar best.

Handsaming av unnatak i hendingshandsamarane

Når du opprettar ein hendingshandsamar for dialoghendingar, er det god praksis å handsama feil inne i sjølve underrutinen.For eksempel går du ut frå at hendingshandsamaren nedanfor vert kalla opp når museknappen vert trykt i dialogvindauget.

    Sub OnMouseButtonPressed(ByRef oEvent As Object)
    On Local Error GoTo Catch
        Dim oDialog As Object
        oDialog = CreateScriptService("DialogEvent", oEvent)
        ' Køyr hendinga
        Exit Sub
    Catch:
        MsgBox SF_Exception.Description
        SF_Exception.Clear
    End Sub
  
tip

Kall opp SF_Exception.Clear viss du ikkje vil at feilen skal overførast vidare etter at dialogvindauget er avslutta.

I Python brukar du native try/except-blokker for unntakshandsaming som vist nedanfor:

    def on_mouse_button_pressed(event=None):
        try:
            dlg = CreateScriptService("DialogEvent", event)
            # Køyr hendinga
        except Exception as e:
            # Objektet «oBase» er ein førekomst av Basic-tenesta
            bas.MsgBox(str(e))
  
Eigenskapar

Namn

Skriveverna

Type

Beskriving

OKBUTTON

Ja

Integer

Verdi = 1. Der vart trykt på ein OK-knapp.

CANCELBUTTON

Ja

Integer

Verdi = 0. Der vart trykt på ein Avbryt-knapp.

Caption

Nei

String

Spesifiser tittelen på dialogvindauget.

Height

Nei

Long

Spesifiser høgda på dialogvindauget.

Modal

Ja

Boolean

Viser om dialogvindauget vert køyrd i modal-modus.

Name

Ja

String

Namnet på dialogvindauget

Page

Nei

Integer

Eit dialogvindauge kan ha fleire sider som brukaren kan gå gjennom steg for steg. Kva side i dialogvindauget som er gjeldande, vert definert i sideeigenskapen.

Visible

Nei

Boolean

Spesifiserer om dialogvindauget er synleg på skrivebordet. Som standard er han ikkje synleg før etter at metoden Execute() er utført.

XDialogModel

Ja

UNO
object

Det UNO-objektet som representer modellen for dialogvindauget. Sjå detaljert informasjon i XControlModel og UnoControlDialogModel i dokumentasjonen for API-en ( Application Programming Interface).

XDialogView

Width

Nei

Long

Spesifiser breidda på dialogvindauget.

Hendingseigenskapar

Eigenskapane On... returnerer ein URI-streng med referansen til skriptet som vert utløyst av hendinga. On...-eigenskapar kan gjevast programmatisk.
Les spesifikasjonen i scripting framework URI-specifikation.

Skriv inn eit namn for objektet

Read/Write

Basic IDE-beskriving

OnFocusGained

Ja

Når han får fokus

OnFocusLost

Ja

Når han mistar fokus

OnKeyPressed

Ja

Ved tastetrykk

OnKeyReleased

Ja

Etter tastetrykk

OnMouseDragged

Ja

Muserørsle medan ein tast er trykt

OnMouseEntered

Ja

Mus innanfor

OnMouseExited

Ja

Mus utanfor

OnMouseMoved

Ja

Mus flytt

OnMousePressed

Ja

Museknapp trykt ned

OnMouseReleased

Ja

Museknapp sloppe

warning

Tilordning av hendingar via Basic IDE og tilordning av hendingar via makroar utelukkar kvarandre.

Liste over metodar i tenesta Dialog

Activate
Center
Controls
CloneControl
CreateButton
CreateCheckBox
CreateComboBox
CreateCurrencyField
CreateDateField
CreateFileControl
CreateFixedLine

CreateFixedText
CreateFormattedField
CreateGroupBox
CreateHyperlink
CreateImageControl
CreateListBox
CreateNumericField
CreatePatternField
CreateProgressBar
CreateRadioButton
CreateScrollBar

CreateTableControl
CreateTextField
CreateTimeField
CreateTreeControl
EndExecute
Execute
GetTextsFromL10N
Resize
OrderTabs
SetPageManager
Terminate

note

Dimensjonering av eit dialogvindauge vert gjort ved å bruka Map AppFont-einingar. Eit dialogvindauge eller kontrollmodell brukar også AppFont-einingar, medan visinga av dei brukar pikslar.

Activate

Set fokus på det gjeldande dialogvindauget. Returner Sann viss fokuseringa lukkast.

Denne metoden vert kalla opp frå eit dialogvindauge, ei kontrollhending eller når det vert vist eit dialogvindauge i ikkje-modal modus.

Syntaks:

svc.Activate(): bool

Eksempel:

      Dim oDlg As Object
      Set oDlg = CreateScriptService(,, "myDialog")
      oDlg.Execute()
      ' ...
      oDlg.Activate()
   
Både Python- og LibreOffice-Basic-eksempla går ut frå at dialogvidauget er lagra i Standard-biblioteket i det gjeldande dokument.

     dlg = CreateScriptService(,,'myDialog')
     dlg.Execute()
     # ...
     dlg.Activate()
   
Center

Sentrerer det gjeldande dialogvindauget i midten av eit overordna vindauge. Utan argument sentrerer metoden dialogvindauget i midten av det gjeldande vindauget.

Returnerer Sann når han lukkast.

Syntaks:

svc.Center(opt Parent: obj): bool

Parametrar:

Overordna: Eit valfritt objekt som kan vera anten…

Eksempel:

I Basic

     Sub TriggerEvent(oEvent As Object)
         Dim oDialog1 As Object, oDialog2 As Object, lExec As Long
         Set oDialog1 = CreateScriptService("DialogEvent", oEvent) ' Dialogvindauget som var årsaka til hendinga
         Set oDialog2 = CreateScriptService("Dialog", ...) ' Opnar eit anna dialogvindauge
         oDialog2.Center(oDialog1)
         lExec = oDialog2.Execute()
         Select Case lExec
             ...
     End Sub
  
I Python

     def triggerEvent(event: uno):
       dlg1 = CreateScriptService('DialogEvent.Dialog', hendelse) # Dialogvindauget som var årsaka til hendinga
       dlg2 = CreateScriptService("Dialog", ...) # Opnar eit anna dialogvindauge
       dlg2.Center(dlg1)
       rc = dlg2.Execute()
       if rc is False:
         # ...
   
CloneControl

Dupliser eit eksisterande kontrollelement av kva type som helst i det gjeldande dialogvindauget. Det dupliserte kontrollelementet vert ikkje endra, og kan flyttast

Syntaks:

svc.CloneControl(SourceName: str, ControlName: str, Left: num, Top: num): svc

Parametrar:

SourceName: Namnet på kontrollelementet som skal dupliserast.

Kontrollnamn: Eit gyldig kontrollnamn som ein streng som skil mellom store og små bokstavar. Det treng ikkje finnast ennå.

Venstre, Topp: Koordinata for det nye kontrollelementet uttrykt i Map AppFont-einingar.

Returverdi:

Ein førekomst av tenesta SFDialogs.DialogControl eller Nothing.

Eksempel:

I Basic

      Set myButton2 = oDlg.CloneControl("Button1", "Button2", 30, 30)
   
I Python

     dlg = dlg.CloneControl('Button1', 'Button2', 30, 30)
   
Controls

Returner anten:

Syntaks:

svc.Controls(): str[0..*]

svc.Controls(controlname: str): svc

Parametrar:

KontrolNamn: Eit gyldig kontrollnamn som ein streng (som skil mellom små og store bokstavar). Viss denne manglar vert lista over kontrollnamn returnert som ei nullbasert matrise.

Eksempel:

      Dim myDialog As Object, myList As Variant, myControl As Object
      Set myDialog = CreateScriptService("SFDialogs.Dialog", , "Standard", "Dialog1")
      myList = myDialog.Controls()
      Set myControl = myDialog.Controls("myTextBox")
   
     dlg = CreateScriptService('SFDialogs.Dialog','', 'Standard', 'Dialog1')
     ctrls = dlg.Controls()
     ctrl = dlg.Controls('myTextBox')
   
CreateButton

Lagar eit nytt kontrollelement av typen Knapp i det gjeldande dialogvindauget.

Syntaks:

svc.CreateButton(ControlName: str, Place: any, Toggle: bool = False, Push: str = ""): svc

Parametrar:

Kontrollnamn: namnet på det nye kontrollelementet. Det treng ikkje finnast førebels.

Place: anten …

Alle elementa er uttrykte i Map AppFont-einingar.

Toggle: når Sann vert det laga eit skiftebrytar. Standard = Usann

Push: "OK", "CANCEL" eller "" (standard)

Returverdi:

Ein førekomst av tenesta SFDialogs.DialogControl eller Nothing.

Eksempel:

I Basic

     Set myButton = oDlg.CreateButton("Button1", Array(20, 20, 60, 15))
   
I Python

     myButton = dlg.CreateButton('Button1', (20, 20, 60, 15))
   
CreateCheckBox

Lagar eit nytt kontrollelement av typen Avkryssingsboks i det gjeldande dialogvindauget.

Syntaks:

svc.CreateCheckBox(ControlName: str, Place: any, Multiline: bool = False): svc

Parametrar:

Kontrollnamn: namnet på det nye kontrollelementet. Det treng ikkje finnast førebels.

Place: anten …

Alle elementa er uttrykte i Map AppFont-einingar.

MultiLine: Når Sann (standard = Usann), kan biletteksten visast på meir enn éi linje.

Returverdi:

Ein førekomst av tenesta SFDialogs.DialogControl eller Nothing.

Eksempel:

I Basic

     Set myCheckBox = oDlg.CreateCheckBox("CheckBox1", Array(20, 20, 60, 15), MultiLine := True)
   
I Python

     myCheckBox = dlg.CreateCheckBox('CheckBox1', (20, 20, 60, 15), MultiLine = True)
   
CreateComboBox

Lagar eit nytt kontrollelement av typen Kombinasjonsboks i det gjeldande dialogvindauget.

Syntaks:

svc.CreateComboBox(ControlName: str, Place: any, Border: str = "3D", DropDown: bool = True, LineCount: num = 5): svc

Parametrar:

Kontrollnamn: namnet på det nye kontrollelementet. Det treng ikkje finnast førebels.

Place: anten …

Alle elementa er uttrykte i Map AppFont-einingar.

Border: "3D" (standard) eller "FLAT" eller "NONE"

DropDown: Når Sann (standard), vert det vist ein nedtrekksknapp.

LineCount: Spesifiserer det høgste talet på linjer vist i nedtrekket (standard = 5)

Returverdi:

Ein førekomst av tenesta SFDialogs.DialogControl eller Nothing.

Eksempel:

I Basic

     Set myComboBox = oDlg.CreateComboBox("ComboBox1", Array(20, 20, 60, 15), Dropdown := True)
   
I Python

     myComboBox = dlg.CreateComboBox('ComboBox1', (20, 20, 60, 15), Dropdown = True)
   
CreateCurrencyField

Lagar eit nytt kontrollelement av typen Valutafelt i det gjeldande dialogvindauget.

Syntaks:

svc.CreateCurrencyField(ControlName: str, Place: any, Border ="3D", SpinButton: bool = False, MinValue: num = -1000000, MaxValue: num = +1000000, Increment: num = 1, Accuracy: num = 2): svc

Parametrar:

Kontrollnamn: namnet på det nye kontrollelementet. Det treng ikkje finnast førebels.

Place: anten …

Alle elementa er uttrykte i Map AppFont-einingar.

Border: "3D" (standard) eller "FLAT" eller "NONE"

SpinButton: når Sann (standard = Usann) finst det ein rulleknapp

MinValue: den lågaste verdien som kan skrivast inn i kontrollelementet. Standard = -1000000

MaxValue: den høgaste verdien som kan skrivast inn i kontrollelementet. Standard = +1000000

Increment: stega i talboksen når knappen vert trykt. Standard = 1.

Accuracy: spesifiserer talet på desimalar. Standard = 2.

Returverdi:

Ein førekomst av tenesta SFDialogs.DialogControl eller Nothing.

Eksempel:

I Basic

     Set myCurrencyField = oDlg.CreateCurrencyField("CurrencyField1", Array(20, 20, 60, 15), SpinButton := True)
   
I Python

     myCurrencyField = dlg.CreateCurrencyField('CurrencyField1', (20, 20, 60, 15), SpinButton = True)
   
CreateDateField

Lagar eit nytt kontrollelement av typen DateField i det gjeldande dialogvindauget.

Syntaks:

svc.CreateDateField(ControlName: str, Place: any, Border: str = "3D", DropDown: bool = False, opt MinDate: datetime, opt MaxDate: datetime): svc

Parametrar:

Kontrollnamn: namnet på det nye kontrollelementet. Det treng ikkje finnast førebels.

Place: anten …

Alle elementa er uttrykte i Map AppFont-einingar.

Border: "3D" (standard) eller "FLAT" eller "NONE"

DropDown: når Sann (standard = Usann) finst det ein nedtrekksknapp

MinValue: den lågaste datoen som kan skrivast inn i kontrollelementet. Standard = 1900-01-01

MaxValue: den høgaste datoen som kan skrivast inn i kontrollelementet. Standard = 2200-12-31

Returverdi:

Ein førekomst av tenesta SFDialogs.DialogControl eller Nothing.

Eksempel:

I Basic

     Set myDateField = oDlg.CreateDateField("DateField1", Array(20, 20, 60, 15), Dropdown := True)
   
I Python

     myDateField = dlg.CreateDateField('DateField1', (20, 20, 60, 15), Dropdown = True)
   
CreateFileControl

Lagar eit nytt kontrollelement av typen FileControl i det gjeldande dialogvindauget.

Syntaks:

svc.CreateFileControl(ControlName: str, Place: any, Border: str = "3D"): svc

Parametrar:

Kontrollnamn: namnet på det nye kontrollelementet. Det treng ikkje finnast førebels.

Place: anten …

Alle elementa er uttrykte i Map AppFont-einingar.

Border: "3D" (standard) eller "FLAT" eller "NONE"

Returverdi:

Ein førekomst av tenesta SFDialogs.DialogControl eller Nothing.

Eksempel:

I Basic

     Set myFileControl = oDlg.CreateFileControl("FileControl1", Array(20, 20, 60, 15))
   
I Python

     myFileControl = dlg.CreateFileControl('FileControl1', (20, 20, 60, 15))
   
CreateFixedLine

Lagar eit nytt kontrollelement av typen FixedLine i det gjeldande dialogvindauget.

Syntaks:

svc.CreateFixedLine(ControlName: str, Place: any, Orientation: str): svc

Parametrar:

Kontrollnamn: namnet på det nye kontrollelementet. Det treng ikkje finnast førebels.

Place: anten …

Alle elementa er uttrykte i Map AppFont-einingar.

Orientation: "H[orizontal]" eller "V[ertical]".

Returverdi:

Ein førekomst av tenesta SFDialogs.DialogControl eller Nothing.

Eksempel:

I Basic

     Set myFixedLine = oDlg.CreateFixedLine("FixedLine1", Array(20, 20, 60, 15), Orientation := "vertical")
   
I Python

     myFixedLine = dlg.CreateFixedLine('FixedLine1', (20, 20, 60, 15), Orientation = 'vertical')
   
CreateFixedText

Lagar eit nytt kontrollelement av typen FixedText i det gjeldande dialogvindauget.

Syntaks:

svc.CreateFixedText(ControlName: str, Place: any, Border: str = "3D", MultiLine: bool = False, Align: str = "LEFT", VerticalAlign: str = "TOP"): svc

Parametrar:

Kontrollnamn: namnet på det nye kontrollelementet. Det treng ikkje finnast førebels.

Place: anten …

Alle elementa er uttrykte i Map AppFont-einingar.

Border: "NONE" (standard) eller "FLAT" eller "3D"

MultiLine: Når Sann (standard = Usann), kan biletteksten visast på meir enn éi linje.

Align: vassrett justering, "LEFT" (standard) eller "CENTER" eller "RIGHT"

VerticalAlign: loddrett justering, "TOP" (standard) eller "MIDDLE" eller "BOTTOM"

Returverdi:

Ein førekomst av tenesta SFDialogs.DialogControl eller Nothing.

Eksempel:

I Basic

     Set myFixedText = oDlg.CreateFixedText("FixedText1", Array(20, 20, 60, 15), MultiLine := True)
   
I Python

     myFixedText = dlg.CreateFixedText('FixedText1', (20, 20, 60, 15), MultiLine = True)
   
CreateFormattedField

Lagar eit nytt kontrollelement av typen FormattedField i det gjeldande dialogvindauget.

Syntaks:

svc.CreateFormattedField(ControlName: str, Place: any, Border: str = "3D", SpinButton: bool = False, MinValue: num = -1000000, MaxValue: num = +1000000): svc

Parametrar:

Kontrollnamn: namnet på det nye kontrollelementet. Det treng ikkje finnast førebels.

Place: anten …

Alle elementa er uttrykte i Map AppFont-einingar.

Border: "3D" (standard) eller "FLAT" eller "NONE"

SpinButton: når Sann (standard = Usann) finst det ein talknapp

MinValue: den lågaste verdien som kan skrivast inn i kontrollelementet. Standard = -1000000

MaxValue: den høgaste verdien som kan skrivast inn i kontrollelementet. Standard = +1000000

Returverdi:

Ein førekomst av tenesta SFDialogs.DialogControl eller Nothing.

Eksempel:

I Basic

     Set myFormattedField = oDlg.CreateFormattedField("FormattedField1", Array(20, 20, 60, 15), SpinButton := True)
   
I Python

     myFormattedField = dlg.CreateFormattedField('FormattedField1', (20, 20, 60, 15), SpinButton = True)
   
CreateGroupBox

Lagar eit nytt kontrollelement av typen GroupBox i det gjeldande dialogvindauget.

Syntaks:

svc.CreateGroupBox(ControlName: str, Place: any): svc

Parametrar:

Kontrollnamn: namnet på det nye kontrollelementet. Det treng ikkje finnast førebels.

Place: anten …

Alle elementa er uttrykte i Map AppFont-einingar.

Returverdi:

Ein førekomst av tenesta SFDialogs.DialogControl eller Nothing.

Eksempel:

I Basic

     Set myGroupBox = oDlg.CreateGroupBox("GroupBox1", Array(20, 20, 60, 15))
   
I Python

     myGroupBox = dlg.CreateGroupBox('GroupBox1', (20, 20, 60, 15))
   
CreateHyperlink

Lagar eit nytt kontrollelement av typen Hyperlink i det gjeldande dialogvindauget.

Syntaks:

Parametrar:

Kontrollnamn: namnet på det nye kontrollelementet. Det treng ikkje finnast førebels.

Place: anten …

Alle elementa er uttrykte i Map AppFont-einingar.

Border: "NONE" (standard) eller "FLAT" eller "3D"

MultiLine: Når Sann (standard = Usann), kan biletteksten visast på meir enn éi linje.

Align: vassrett justering, "LEFT" (standard) eller "CENTER" eller "RIGHT"

VerticalAlign: loddrett justering, "TOP" (standard) eller "MIDDLE" eller "BOTTOM"

Returverdi:

Ein førekomst av tenesta SFDialogs.DialogControl eller Nothing.

Eksempel:

I Basic

     Set myHyperlink = oDlg.CreateHyperlink("Hyperlink1", Array(20, 20, 60, 15), MultiLine := True)
   
I Python

     myHyperlink = dlg.CreateHyperlink('Hyperlink1', (20, 20, 60, 15), MultiLine = True)
   
CreateImageControl

Lagar eit nytt kontrollelement av typen ImageControl i det gjeldande dialogvindauget.

Syntaks:

svc.CreateImageControl(ControlName: str, Place: any, Border: str = "3D", Scale: str = "FITTOSIZE"): svc

Parametrar:

Kontrollnamn: namnet på det nye kontrollelementet. Det treng ikkje finnast førebels.

Place: anten …

Alle elementa er uttrykte i Map AppFont-einingar.

Border: "3D" (standard) eller "FLAT" eller "NONE"

Scale: Ein av desse verdiane: "FITTOSIZE" (standard), "KEEPRATIO" eller "NO"

Returverdi:

Ein førekomst av tenesta SFDialogs.DialogControl eller Nothing.

Eksempel:

I Basic

     Set myImageControl = oDlg.CreateImageControl("ImageControl1", Array(20, 20, 60, 15))
   
I Python

       myImageControl = dlg.CreateImageControl('ImageControl1", (20, 20, 60, 15))
   
CreateListBox

Lagar eit nytt kontrollelement av typen ListBox i det gjeldande dialogvindauget.

Syntaks:

svc.CreateListBox(ControlName: str, Place: any, Border: str = "3D", DropDown: bool = True, LineCount: num = 5, MultiSelect: bool = False): svc

Parametrar:

Kontrollnamn: namnet på det nye kontrollelementet. Det treng ikkje finnast førebels.

Place: anten …

Alle elementa er uttrykte i Map AppFont-einingar.

Border: "3D" (standard) eller "FLAT" eller "NONE"

DropDown: Når Sann (standard), vert det vist ein nedtrekksknapp.

LineCount: Spesifiserer det høgste talet på linjer vist i nedtrekket (standard = 5)

MultiSelect: Når Sann kan meir enn éi oppføring veljast. Standard = Usann

Returverdi:

Ein førekomst av tenesta SFDialogs.DialogControl eller Nothing.

Eksempel:

I Basic

     Set myListBox = oDlg.CreateListBox("ListBox1", Array(20, 20, 60, 15), Dropdown := True, MultiSelect := True)
   
I Python

     myListBox = dlg.CreateListBox('ListBox1', (20, 20, 60, 15), Dropdown = True, MultiSelect = True)
   
CreateNumericField

Lagar eit nytt kontrollelement av typen NumericField i det gjeldande dialogvindauget.

Syntaks:

svc.CreateNumericField(ControlName: str, Place: any, Border: str = "3D", SpinButton: bool = False, MinValue: num = -1000000, MaxValue: num = 1000000, Increment: num = 1, Accuracy: num = 2): svc

Parametrar:

Kontrollnamn: namnet på det nye kontrollelementet. Det treng ikkje finnast førebels.

Place: anten …

Alle elementa er uttrykte i Map AppFont-einingar.

Border: "3D" (standard) eller "FLAT" eller "NONE"

SpinButton: når Sann (standard = Usann) finst det ein talknapp

MinValue: den lågaste verdien som kan skrivast inn i kontrollelementet. Standard = -1000000

MaxValue: den høgaste verdien som kan skrivast inn i kontrollelementet. Standard = +1000000

Increment: stega i talboksen når knappen vert trykt. Standard = 1.

Accuracy: spesifiserer talet på desimalar. Standard = 2.

Returverdi:

Ein førekomst av tenesta SFDialogs.DialogControl eller Nothing.

Eksempel:

I Basic

     Set myNumericField = oDlg.CreateNumericField("NumericField1", Array(20, 20, 60, 15), SpinButton := True)
   
I Python

     myNumericField = dlg.CreateNumericField('NumericField1', (20, 20, 60, 15), SpinButton = True)
   
CreatePatternField

Lagar eit nytt kontrollelement av typen PatternField i det gjeldande dialogvindauget.

Syntaks:

svc.CreatePatternField(ControlName: str, Place: any, Border: str = "3D", EditMask: str, opt LiteralMax: str): svc

Parametrar:

Kontrollnamn: namnet på det nye kontrollelementet. Det treng ikkje finnast førebels.

Place: anten …

Alle elementa er uttrykte i Map AppFont-einingar.

Border: "3D" (standard) eller "FLAT" eller "NONE"

EditMask: ein teiknkode som bestemmer kva brukaren kan skriva inn.
Referer til Pattern_Field i wikien for meir informasjon.

LiteralMask: inneheld startverdiane som vert viste i mønsterfeltet

Returverdi:

Ein førekomst av tenesta SFDialogs.DialogControl eller Nothing.

Eksempel:

I Basic

     Set myPatternField = oDlg.CreatePatternField("PatternField1", Array(20, 20, 60, 15), EditMask := "NNLNNLLLLL", LiteralMask := "__.__.2002")
   
I Python

     myPatternField = dlg.CreatePatternField('PatternField1', (20, 20, 60, 15), EditMask = 'NNLNNLLLLL', LiteralMask = '__.__.2002')
   
CreateProgressBar

Lagar eit nytt kontrollelement av typen ProgressBar i det gjeldande dialogvindauget.

Syntaks:

svc.CreateProgressBar(ControlName: str, opt Place: any, Border: str = "3D", MinValue: num = 0, MaxValue: num = 100): svc

Parametrar:

Kontrollnamn: namnet på det nye kontrollelementet. Det treng ikkje finnast førebels.

Place: anten …

Alle elementa er uttrykte i Map AppFont-einingar.

Border: "3D" (standard) eller "FLAT" eller "NONE"

MinValue: den lågaste verdien som kan skrivast inn i kontrollelementet. Standard = 0

MaxValue: den høgaste verdien som kan skrivast inn i kontrollelementet. Standard = 100

Returverdi:

Ein førekomst av tenesta SFDialogs.DialogControl eller Nothing.

Eksempel:

I Basic

     Set myProgressBar = oDlg.CreateProgressBar("ProgressBar1", Array(20, 20, 60, 15), MaxValue := 1000)
   
I Python

     myProgressBar = dlg.CreateProgressBar('ProgressBar1', (20, 20, 60, 15), MaxValue = 1000)
   
CreateRadioButton

Lagar eit nytt kontrollelement av typen RadioButton i det gjeldande dialogvindauget.

Syntaks:

svc.CreateRadioButton(ControlName: str, Place: any, MultiLine: bool = False): svc

Parametrar:

Kontrollnamn: namnet på det nye kontrollelementet. Det treng ikkje finnast førebels.

Place: anten …

Alle elementa er uttrykte i Map AppFont-einingar.

MultiLine: Når Sann (standard = Usann), kan biletteksten visast på meir enn éi linje.

Returverdi:

Ein førekomst av tenesta SFDialogs.DialogControl eller Nothing.

Eksempel:

I Basic

     Set myRadioButton = oDlg.CreateRadioButton("RadioButton1", Array(20, 20, 60, 15), MultiLine := True)
   
I Python

     myRadioButton = dlg.CreateRadioButton('RadioButton1', (20, 20, 60, 15), MultiLine = True)
   
CreateScrollBar

Lagar eit nytt kontrollelement av typen ScrollBar i det gjeldande dialogvindauget.

Syntaks:

svc.CreateScrollBar(ControlName: str, Place, Orientation: str, Border: str = "3D", MinValue: num = 0, MaxValue: num = 100): svc

Parametrar:

Kontrollnamn: namnet på det nye kontrollelementet. Det treng ikkje finnast førebels.

Place: anten …

Alle elementa er uttrykte i Map AppFont-einingar.

Orientation: H[orizontal] eller V[ertical].

Border: "3D" (standard) eller "FLAT" eller "NONE"

MinValue: den lågaste verdien som kan skrivast inn i kontrollelementet. Standard = 0

MaxValue: den høgaste verdien som kan skrivast inn i kontrollelementet. Standard = 100

Returverdi:

Ein førekomst av tenesta SFDialogs.DialogControl eller Nothing.

Eksempel:

I Basic

     Set myScrollBar = oDlg.CreateScrollBar("ScrollBar1", Array(20, 20, 60, 15), MaxValue := 1000)
   
I Python

     myScrollBar = dialog.CreateScrollBar('ScrollBar1', (20, 20, 60, 15), MaxValue = 1000)
   
CreateTableControl

Lagar eit nytt kontrollelement av typen TableControl i det gjeldande dialogvindauget.

Syntaks:

svc.CreateTableControl(ControlName: str, Place: any, Border: str = "3D", RowHeaders: bool = True, ColumnHeaders: bool = True, ScrollBars: str = "N", GridLines: bool = False): svc

Parametrar:

Kontrollnamn: namnet på det nye kontrollelementet. Det treng ikkje finnast førebels.

Place: anten …

Alle elementa er uttrykte i Map AppFont-einingar.

Border: "3D" (standard) eller "FLAT" eller "NONE"

RowHeaders: når Sann (standard) vert radoverskriftene viste

ColumnHeaders: når Sann (standard) vert kolonneoverskriftene viste

ScrollBars: H[orizontal] eller V[ertical] eller B[oth] eller N[one] (standard). Rullefelta vert viste dynamiske når dei trengst.

GridLines: når TSann (dstandard = Usann) det vert viste vassrette og loddrette injer mellom rutenettcellene.

Returverdi:

Ein førekomst av tenesta SFDialogs.DialogControl eller Nothing.

Eksempel:

I Basic

     Set myTableControl = oDlg.CreateTableControl("TableControl1", Array(20, 20, 60, 15), ScrollBars := "B")
   
I Python

     myTableControl = dlg.CreateTableControl('TableControl1', (20, 20, 60, 15), ScrollBars = 'B')
   
CreateTextField

Lagar eit nytt kontrollelement av typen TextField i det gjeldande dialogvindauget.

Syntaks:

svc.CreateTextField(ControlName: str, Place: any, Border: str = "3D", MultiLine: bool = False, MaximumLength: num = 0, PasswordCharacter: str = ""): svc

Parametrar:

Kontrollnamn: namnet på det nye kontrollelementet. Det treng ikkje finnast førebels.

Place: anten …

Alle elementa er uttrykte i Map AppFont-einingar.

Border: "3D" (standard) eller "FLAT" eller "NONE"

MultiLine: Når Sann (standard = Usann), kan biletteksten visast på meir enn éi linje.

MaximumLength: den høgste teiknteljinga (standard = 0 betyr uavgrensa)

PasswordCharacter: eit enkelt teikn som spesifiserer ekkoet for passordfeltet (standard = "")

Returverdi:

Ein førekomst av tenesta SFDialogs.DialogControl eller Nothing.

Eksempel:

I Basic
Set myTextField = oDlg.CreateTextField("TextField1", Array(20, 20, 120, 50), MultiLine := True)
   
I Python

     myTextField = dlg.CreateTextField('TextField1', (20, 20, 120, 50), MultiLine = True)
   
CreateTimeField

Lagar eit nytt kontrollelement av typen TimeField i det gjeldande dialogvindauget.

Syntaks:

svc.CreateTimeField(ControlName: str, Place: any, Border: str = "3D", MinTime: num = 0, MaxTime: num = 24): svc

Parametrar:

Kontrollnamn: namnet på det nye kontrollelementet. Det treng ikkje finnast førebels.

Place: anten …

Alle elementa er uttrykte i Map AppFont-einingar.

Border: "3D" (standard) eller "FLAT" eller "NONE"

MinTime: den lågaste tidsverdien som kan skrivast inn i kontrollelementet. Standard = 0

MaxTime: den høgaste tidsverdien som kan skrivast inn i kontrollelementet. Standard = 24h

Returverdi:

Ein førekomst av tenesta SFDialogs.DialogControl eller Nothing.

Eksempel:

I Basic

     Set myTimeField = oDlg.CreateTimeField("TimeField1", Array(20, 20, 60, 15))
   
I Python

     myTimeField = dlog.CreateTimeField('TimeField1', (20, 20, 60, 15))
   
CreateTreeControl

Lagar eit nytt kontrollelement av typen TreeControl i det gjeldande dialogvindauget.

Syntaks:

svc.CreateTreeControl(ControlName: str, Place: any, Border = "3D"): svc

Parametrar:

Kontrollnamn: namnet på det nye kontrollelementet. Det treng ikkje finnast førebels.

Place: anten …

Alle elementa er uttrykte i Map AppFont-einingar.

Border: "3D" (standard) eller "FLAT" eller "NONE"

Returverdi:

Ein førekomst av tenesta SFDialogs.DialogControl eller Nothing.

Eksempel:

I Basic

     Set myTreeControl = oDlg.CreateTreeControl("TreeControl1", Array(20, 20, 60, 15))
   
I Python

     myTreeControl = dlg.CreateTreeControl('TreeControl1', (20, 20, 60, 15))
   
EndExecute

Avsluttar visinga av eit modalt dialogvindauge og returnerer argumentet som returverdi for den gjeldande køyrehandlinga Execute ().

EndExecute() er til vanleg å finna i handsaminga av ein makro som er utløyst av ei hending i eit dialogvindauge eller eit kontrollelement.

Syntaks:

svc.EndExecute(returnvalue: int)

Parametrar:

returverdi: Verdien som vert sendt til den køyrande Execute()-metoden.

Eksempel:

I Basic

      Sub OnEvent(poEvent As com.sun.star.lang.EventObject)
          Dim oDlg As Object
          Set oDlg = CreateScriptService("SFDialogs.DialogEvent", poEvent)
          oDlg.EndExecute(ReturnValue := 25)
      End Sub
   
I Python

     from com.sun.star.lang import EventObject
     def on_event(event: EventObject):
         dlg = CreateScriptService("SFDialogs.DialogEvent", event)
         dlg.EndExecute(25)
   
tip

Overnemnde com.sun.star.lang.EventObject er valfrie. Slike merknadar hjelper til med å identifisere LibreOffice Application Programming Interface (API).

Execute

Viser dialogvindauget og ventar, når modal, på avslutning av brukaren. Den returnerte verdien er anten:

For ikkje-modale dialogvindauge returnerer metoden alltid 0 og utføringa av makroen held fram-.

Syntaks:

svc.Execute(modal: bool = True): int

Parametrar:

modal: Usann ved eit ikkje-modalt dialogvindauge. Standard = Sann .

Eksempel:

I dette Basic-eksempelet er dialogvindauget myDialog lagra i det gjeldande dokumentet sitt Standard-bibliotek.

      Dim oDlg As Object, lReturn As Long
      Set oDlg = CreateScriptService("SFDialogs.Dialog", , , "myDialog")
      lReturn = oDlg.Execute(Modal := False)
      Select Case lReturn
          ' ...
      End Select
   
Denne Python-koden viser det modale dialogvindauget DlgConvert i det delte Basic-biblioteket DlgConvert.

     dlg = CreateScriptService("SFDialogs.Dialog", 'GlobalScope', 'Euro', "DlgConvert")
     rc = dlg.Execute()
     if rc == dlg.CANCELBUTTON:
         # ...
   
GetTextsFromL10N

Bytar ut alle faste tekststrengar i eit dialogvindauge med den omsette versjonen basert på ein førekomst av tenesta L10N . Denne metode omsett desse strengane:

Metoden returnerer Sann viss han lukkast.

Bruk metoden AddTextsFromDialog frå tenesta L10N for å laga ei liste over strengar som kan omsetjast i eit dialogvindauge.

Syntaks:

svc.GetTextsFromL10N(l10n: svc): bool

Parametrar:

l10n: Ein førekomst av tenesta L10N som dei omsette strengane vert henta frå.

Eksempel:

Dei neste eksempla lastar inn omsette strengar og brukar dei i dialogvindauget «MinDialog»:

I Basic

     oDlg = CreateScriptService("Dialog", "GlobalScope", "Standard", "MyDialog")
     myPO = CreateScriptService("L10N", "/home/user/po_files/")
     oDlg.GetTextsFromL10N(myPO)
     oDlg.Execute()
   
I Python

     dlg = CreateScriptService("Dialog", "GlobalScope", "Standard", "MyDialog")
     myPO = CreateScriptService("L10N", "/home/user/po_files/")
     dlg.GetTextsFromL10N(myPO)
     dlg.Execute()
   
tip

Les hjelpsida L10N service for å læra meir om korleis PO. og POT-filer vert handsama.

OrderTabs

Set tabuleringsindeksen for ei rad kontrollelement. Sekvensen av kontrollelement er gjeven som ei rekkje kontrollelementnamn frå det første til det siste.

warning

Kontrollelement med indeks >= 1 er ikkje tilgjengelege med TAB-tasten viss:
‒ dei ikkje er med i den gjevne lista
‒ typen er FixedLine, GroupBox eller ProgressBar
‒ dei er slått av

Syntaks:

svc.TabsList(TabsList: num, Start: num = 1, Increment: num = 1): bool

Parametrar:

TabsList: ei liste over gyldige namn på kontrollelement i tabuleringsrekkjefølgja

Start: tabulatorindeksen som skal brukast på det første kontrollelementet i lista. Standard = 1

Increment: avstanden mellom to nærliggjande tabulatorindeksar. Standard = 1

Returverdi:

Sann når han lukkast.

Eksempel:

I Basic

     oDlg.OrderTabs(Array("myListBox", "myTextField", "myNumericField"), Start := 10)
   
I Python

     dlg.OrderTabs(('myListBox', 'myTextField', 'myNumericField'), Start = 10)
   
Resize

Flyttar det øvre, høgre hjørnet i eit dialogvindauge til nye koordinat og/eller endrar storleiken på det. Alle avstandane vert viste i AppFont-einingar. Viss argumenta manglar, vert vindauget sett til den opphavlege storleiken. Returnerer Sann viss endringa av storleiken var vellukka.

Syntaks:

svc.Resize(opt Left: num, opt Top: num, opt Width: num, opt Height: num): bool

Parametrar:

Venstre: den vassrette avstanden frå øvre venstre hjørne

Topp: den loddrette avstanden frå øvste venstre hjørne

Breidd: breidda på rektangelet som inneheld dialogvindauget

Høgd: høgda på rektangelet som inneheld dialogvindauget

Argument som manglar vert ikkje endra

Eksempel:

I Basic

     oDlg.Resize(1000, 2000, Height := 6000) ' Breidda er ikkje endra
   
I Python

     dlg.Resize(1000, 2000, Height = 6000)  # Breidda er ikkje endra
   
SetPageManager

Definerer kva kontrollelement i eit dialogvindauge som er ansvarlege for å byta sider, noko som gjer det enklare å administrera Side-eigenskapen til eit dialogvindauge og kontrollelementa i vindauget.

Dialogvindauge kan ha fleire sider, og den synlege siden er definert av dialogeigenskapen Side. Viss eigenskapen Side er uendra, er standard synleg side lik 0 (null), noeko som betyr at ingen bestemt side er definert og alle synlege kontrollelement vert viste uavhengig av verdien sett i deira eigen Side-eigenskap.

Når eigenskapen Page for eit dialogvindauge vert endra til ein annan verdi, som 1, 2, 3 og så vidare, er det berre kontrollelementa som Page-eigenskap samsvarer med i det gjeldande dialogvindauget som vert viste.

Ved å bruka SetPageManager-metoden er det mogleg å definera fire typar sideadministratorar:

tip

Det er mogleg å bruka ein sidehandsamingsmekanisme samstundes.

Denne metoden er meint å kallast opp bere éin gong før Execute-metoden vert kalla opp. Etterfølgjande oppkall vert ignorerte.

Viss han lukkast, returnerer denne metoden Sann.

Syntaks:

svc.SetPageManager(pilotcontrols: str = "", tabcontrols: str = "", wizardcontrols: str = "", opt lastpage: int): bool

Parametrar:

pilotcontrols: ei kommadelt liste over namna på kontrollane ListBox, ComboBox og RadioButton som vert brukte som sideadministratorar. For kontrollelementa «RadioButton» vert namnet spesifisert på det første elementet i gruppa som skal brukast.

tabcontrols: ei kommadelt liste over namn på knappar som vert brukite som sideadministratorar. Rekkjefølgja dei er spesifiserte i dette argumentet svarar til sidetalet dei er knytte til.

wizardcontrols: ei kommadelt liste med namna på dei to knappane som vert brukte som knappar for «Førre» og «Neste».

lastpage: nummeret på den siste tilgjengelege sida. Det vert rådd til å spesifisera denne verdien når du brukar sidehandsaminga «Førre» og «Neste».

Eksempel:

Tenk deg eit dialogvindauge med tre sider. Dialogvindauget har ein ListBox-kontroll kalla «aPageList» som vert brukt til å kontrollera den synlege sida. I tillegg er det to knappar kalla «btnForrige» og «btnNeste» som vil verta brukte som «Førre/Neste»-knappane i dialogvindauget.

I Basic

    oDlg.SetPageManager(PilotControls := "aPageList", _
                           WizardControls := "btnPrevious,btnNext", _
                           LastPage := 3)
    oDlg.Execute()
  
I Python

    dlg.SetPageManager(pilotcontrols="aPageList",
                       wizardcontrols="btnPrevious,btnNext",
                       lastpage=3)
    dlg.Execute()
  
Terminate

Avslutt tenesta Dialog i den gjeldande førekomsten. Returner Sann viss avslutninga lukkast.

Syntaks:

svc.Terminate(): bool

Eksempel:

Basic- og Python-eksempla nedanfor opnar dei ikkje-modale dialogvindauga DlgConsole og dlgTrace. Dei er lagra i dei delte biblioteka ScriptForge og Access2Base. Knappane for å lukka dialogvindauga er kopla frå, og eksplisitt avslutning vert utført på slutten av ein køyrande prosess.

I dette eksempelet erstattar ein knapp i DlgConsole hemma lukking av vindauget:

I Basic

     oDlg = CreateScriptService("SFDialogs.Dialog","GlobalScope","ScriptForge","DlgConsole")
     oDlg.Execute(modal:=False)
     Wait 5000
     oDlg.Terminate()
   
I Python

     from time import sleep
     dlg = CreateScriptService('SFDialogs.Dialog',"GlobalScope",'Access2Base',"dlgTrace")
     dlg.Execute(modal=False)
     sleep 5
     dlg.Terminate()
   
warning

Alle ScriptForge Basic-rutinane og -identifikatorane som vert innleidde med understrek «_» er reserverte for internt bruk. Dei er ikkje meint brukte i Basic-makroar.

Støtt oss!