SFDocuments.Chart-tenesta

Teenesta Chart (diagram) leverer eit sett eigenskapar og metodar for å handsama diagram i Calc-dokument. Med denne tenesta er det råd å:

Diagramnamn

Diagramma kan ha to ulike namn:

note

Tenesta Chart (diagram) brukar primært det brukardefinerte namnet for å få tilgang til eit diagram-objekt. Viss det ikkje finst, vert det interne namnet brukt.


Oppkall av teneste

Før du brukar Chart-tenesta, må ScriptForge-biblioteket lastast inn eller importerast:

note

• Grunnleggjande makroar krev innlasting av biblioteket ScriptForge ved hjelp av denne setninga:
GlobalScope.BasicLibraries.loadLibrary("ScriptForge")

• Python-skript krev import frå scriptforge-modulen:
from scriptforge import CreateScriptService


Tenesta Chart (diagram) vert starta frå ei teneste i Calc med ein av metodane Charts (diagram) eller CreateChart (lag_diagram).

I Basic

Eksemplet nedanfor lagar ein tenesteførekomst av Chart (diagram) frå eit diagram som finst frå før i det gjeldande Calc-dokumentet:


    GlobalScope.BasicLibraries.LoadLibrary("ScriptForge")
    Dim oDoc as Object, oChart as Object
    Set oDoc = CreateScriptService("Calc")
    Set oChart = oDoc.Charts("Sheet1", "Object 1")
  

Det neste eksempelet set opp tenesta Chart ved å laga eit nytt diagram-objekt basert på dataa i området «Sheet1.A1:C10».


    Dim oDoc as Object, oChart as Object
    Set oDoc = CreateScriptService("Calc")
    Set oChart = oDoc.CreateChart("My Chart", "Sheet1", "Sheet1.A1:C10")
  
tip

Les metodebeskrivinga CreateChart for å læra meir om argumenta brukte i metoden.


I Python

Eksempelet ovanfor kan skrivast slik i Python:


    from scriptforge import CreateScriptService
    doc = CreateScriptService("Calc")
    chart = doc.Charts("Sheet1", "Object 1")
  

    doc = CreateScriptService("Calc")
    chart = doc.CreateChart("My Chart", "Sheet1", "Sheet1.A1:C10")
  

Eigenskapar

Namn

Skriveverna

Type

Beskriving

ChartType

Nei

String

Gjev diagramtypen som ein streng som kan ha éin av desse verdiane: «kake», «stolpe», «smultring», «kolonne», «område», «linje», «XY», «boble», «nett».

Deep

Nei

Boolean

Viss Sann, indikerer dette at diagrammet er tredimensjonalt og kvar rad er ordna i z-retninga.

Viss Usann, vert serien sett opp med berre to dimensjonar.

Dim3D

Nei

Boolean or String

Bestemmer om diagrammet skal visast med 3D-element. Vi9ss verdien er ein streng, må han anten vera "Bar", "Cylinder", "Cone" eller "Pyramid".

Viss den boolske verdien Sann er spesifisert, vert diagrammet vist med 3D-stolpar.

Exploded

Nei

Numeric

Spesifiserer kor mykje kakestykka er forskove frå diagramsenteret som ein prosentdel av radiusen. Gjeld berre for kake- og smultringdiagram.

Filled

Nei

Boolean

Når Sann, spesifiserer dette eit utfylt nett-diagram. Gjeld berre nett-diagram.

Legend

Nei

Boolean

Spesifiserer om diagrammet har ei forklaring eller ikkje.

Percent

Nei

Boolean

Når Sann, vert diagramseriane stapla og kvar kategori vert summert opp til 100 %. Gjeld diagramma område, stolpe, boble, kolonne og nett.

Stacked

Nei

Boolean

Når Sann, vert diagramseriane stapla. Gjeld diagramma område, stolpe, boble, kolonne og nett.

Title

Nei

String

Spesifiserer hovudtittelen på diagrammet.

XTitle

Nei

String

Spesifiserer tittelen på X-aksen.

YTitle

Nei

String

Spesifiserer tittelen på Y-aksen.

XChartObj

Ja

UNO-objekt

Returnerer objektet som representerer diagrammet, som er ein førekomst av klassen ScChartObj.

XDiagram

Ja

UNO-objekt

Returnerer objektet com.sun.star.chart.XDiagram som representerer diagrammet til diagramobjektet.

XShape

Ja

UNO-objekt

Returnerer objektet com.sun.star.drawing.XShape som representerer forma på diagrammet.

XTableChart

Ja

UNO-objekt

Returnerer objektet com.sun.star.table.XTableChart som representerer dataa som vert viste i diagrammet.


Laga eit diagram

Sjå på dataa i området "A1:B6" i arket "Rapport".

A

B

1

Sample A

Sample B

2

36

40

3

39

43

4

45

40

5

52

48


Eksempla nedanfor i Basic og Python viser korleis du kan laga eit linjediagram frå desse dataa med forklaringar.

I Basic

    oDoc = CreateScriptService("Calc")
    oChart = oDoc.CreateChart("Samples", "Report", "Report.A1:B6")
    oChart.ChartType = "Line"
    oChart.Legend = True
    oChart.Resize(1000, 1000, 25000, 15000)
  
I Python

    doc = CreateScriptService("Calc")
    chart = doc.CreateChart("Samples", "Report", "Report.A1:B6")
    chart.ChartType = "Line"
    chart.Legend = True
    chart.Resize(1000, 1000, 25000, 15000)
  
tip

Diagrammet treng ikkje lagast i det same arket som dataa er frå. Det kan setjast opp i eit vilkårleg ark i den gjeldande fila ved å skriva inn arknamnet som det andre argumentet i metoden CreateChart (lag diagram).


Metodar

Liste over metodar i tenesta Chart (diagram)

ExportToFile

Resize


ExportToFile

Lagrar diagrammet som ei biletfil i den spesifiserte plasseringa. Returnerer Sann viss opprettinga av biletfila lukkast.

Syntaks:

chart.ExportToFile(filename: str, imagetype: str = "png", overwrite: bool = False): bool

Parametrar:

filnamn: Identifiserer stien og filnamnet der biletet vert lagra. Det må følgja notasjonen som er definert i SF_FileSystem.FileNaming.

bilettype: Namnet på den bilettypen som skal lagast. Desse verdiane vert godtekne: "gif", "jpeg", "png" (standard), "svg" og "tiff".

overskriv: Spesifiserer om målfila kan overskrivast (standard = Usann).

Eksempel:

I Basic

      oChart.ExportToFile("C:\Temp\myChart.svg", ImageType := "svg", Overwrite := True)
    
I Python

      chart.ExportToFile(r"C:\Temp\myChart.svg", imagetype="svg", overwrite=True)
    

Resize

Endrar plasseringa av diagrammet i det gjeldande arket og endrar breidda og høgda på det. Returnerer Sann viss endringa var vellukka.

Syntaks:

chart.Resize([xpos: int], [ypos: int], [width: int], [height: int]): bool

Parametrar:

xpos, ypos: Gjev dei nye x- og y-posisjonane til diagrammet. Viss nokre av desse verdiane manglar eller er negative, vert dei tilsvarande plasseringane ikkje endra.

breidd: Spesifiser den nye breidda på diagrammet. Viss dette argumentet vert sløyfa eller er negativt, vert diagrammet ikkje endra.

høgd: Spesifiser den nye høgda på diagrammet. Viss dette argumentet vert sløyfa eller er negativt, vert diagrammet ikkje endra.

note

Alle argumenta vert gjevne som heiltal som svarar til 1/100 av ein millimeter.


Eksempel:

I Basic

      ' Endrar berre X- og Y-posisjonane
      oChart.Rezise(1000, 3000)
      ' Endrar berre høgda og breidda på diagrammet
      oChart.Resize(, , 25000, 12500)
      ' Nøkkelordargument vert støtta
      oChart.Resize(Width := 25000, Height := 12500)
    
I Python

      chart.Rezise(1000, 3000)
      chart.Resize(-1, -1, 20000, 20000)
      chart.Resize(width=25000, height=12500)
    
warning

Alle ScriptForge Basic-rutinane og -identifikatorane som vert innleidde med understrek «_» er reserverte for internt bruk. Dei er ikkje meint brukte i Basic-makroar.


Støtt oss!