LibreOffice 25.2 Hjelp
Opnar ein «Opna»-dialog for å importera ein BASIC-dialog.
Dersom det importerte dialogvindauget har eit namn som finst frå før, vil du sjå eit dialogvindauge der du kan bestemma om du vil gje det importerte dialogvindauget eit anna namn. I tilfelle vil dialogvindauget få det neste ledige «automatiske» namnet på same måten som når ein lagar eit nytt dialogvindauge. Du kan også velja å erstatta det eksisterande dialogvindauget med det importerte. Klikkar du «Avbryt», vert dialogvindauget ikkje importert.
Dialogvindauge kan innehalda lokale, omsette, data. Når eit dialogvindauge vert importert, kan det difor oppstå problem med feiltilpassing eller manglande omsetjing.
Viss biblioteket inneheld fleire språk i høve til det importerte vindauget, eller at det importerte dialogvindauget ikkje er omsett i det heile, så vert tilleggsspråka lagt til det importerte vindauget ved hjelp av tekstane brukte i standardspråket for dialogvindauget.
Viss det importerte dialogvindauget inneheld fleire språk enn biblioteket, eller viss biblioteket ikkje er omsett, vil du sjå eit meldingsvindauge der du kan velja mellom knappane «Legg til», «Utelat» eller «Avbryt»
Legg til: Tilleggsspråka frå det importerte dialogvindauget vert lagt til det eksisterande dialogvindauget. Ressursane frå standardspråket til biblioteket vert brukte for det nye språket. Dette er det same som om du legg språket til manuelt.
Utelat: Innstillingane for språket i biblioteket vert ikkje endra. Ressursane for språket i det importerte dialogvindauget vert ikkje kopierte inn i biblioteket, men dei finst framleis i kjeldefila for det importerte dialogvindauget.
Dialogvindauget for import