LibreOffice 25.2 Hjelp
Definerer hendingstildelingar for det valde dialogvindauget eller kontrollelementet. Kva hendingar som er tilgjengelege er avhengig av kva kontrollelement som er vald.
Denne hendinga skjer viss ein kontroll får fokus.
Denne hendinga skjer viss ein kontroll misser fokus.
Denne hendinga skjer viss brukaren trykkjer ein tast medan kontrollelementet har fokus.
Denne hendinga skjer viss brukaren slepp opp ein knapp medan kontrollelementet har fokus.
Hendinga finn stad dersom kontrollelementet mister fokus og innhaldet i kontrollelementet vart endra etter at det miste fokus.
Hendinga finn stad om du skriv inn eller endrar tekst i eit skrivefelt.
Hendinga finn stad om status for kontrollfeltet vert endra, for eksempel frå avkryssa til ikkje avkryssa.
Hendinga finn stad når musepeikaren kjem inn i kontrollelementet.
Hendinga skjer når musepeikaren vert flytt medan ein tast vert halde nede.
Hendinga skjer når musepeikaren vert flytt over kontrollelementet.
Hendinga skjer når ein museknapp vert halde nede medan musepeikaren er over kontrollelementet.
Hendinga skjer når museknappen vert sloppe medan musepeikaren er over kontrollelementet.
Hendinga skjer når musepeikaren går ut av kontrollelementet.
Hendinga når eit rullefelt vert brukt.